Aktuelt

– Arbeidet tok ein ny og lettare vending

I juryens begrunnelse dengang het det: "Vi gir Mette Karlsvik prisen fordi ho har skapt viktig litteratur, og tek opp eit alvorlig tema med ei…

Forfatter Mette Karlsen (Foto: Samlaget)

I juryens begrunnelse dengang het det: "Vi gir Mette Karlsvik prisen fordi ho har skapt viktig litteratur, og tek opp eit alvorlig tema med ei særeigen form for vidd og språk som gjer eit djupt inntrykk på lesaren."

1. Fikk du mye oppmerksomhet da du vant Tarjei Vesaas debutantpris?

Eg kjente meg som ein imponerande superstar i ca. ein halvtime etter prisutdelinga. Det var trass i at bare 6 journalistar møtte opp til utdelinga og at bare ein av dei intervjua meg etterpå. Kjensla kom av oppmerksemda frå ei handfull heltar, deriblant eit knippe som tok meg ut til lunsj med etterpå. Det var stas å spasere rundt Bjørvika med staselege kvinner og ei famn full av Märthaliljer frå Ruth Lillegraven/ Samlaget, og sidan sitte på kafé med blomane i fanget, eit glas champagne i handa, og bl.a. Nina Refset, Margit Walsø og Ann Kavli rundt bordet. 

For å seie det sånn: Eg blei ikkje skjemma bort av oppmerksemd etter at eg fekk prisen, og slutta ikkje å skrive til fordel for eit år på champagnekjøret. Tvert om. Tida etter Vesaas-prisen var forsvinnande lo-fi: Eg mista aldri fokuset frå det manuset som eg jobba med i undertida.

Eg fekk prisen i Rådhusgata i ellevetida ein vekedag. Likevel kom altså få journalistar som viste laber interesse. Det kan vere usikkerheit fordi eg var ukjent og lite profilert frå før. Dei visste kanskje ikkje kva dei skulle gjere ut av meg. 

Det kan óg ha å gjere med at noen av journalistane representerte tabloide medier. Då "våre" aviser fanga opp at prisen var delt ut, blei det telefonintervju med Dagavisen, Dag og Tid, Klassekampen, og sjølvsagt dei takksemde lokalavisene heime som endåtil gjorde stas på meg ved å tilby stilling som fast laurdagsspaltist. Men det var ikkje meir enn eg trong. Det var nok å få denne anarkjenninga frå Litterært Råd, som eg opplever at har integritet.

2. Hva har prisen hatt å si for ditt videre forfatterskap?

Det tok to år frå debutmanuset mitt var antatt, til det kom ut. Eg rakk endåtil å gå skrivekunstakademiet i mellomtida. Det var mange rundar, mange utgåver av manus, og mye svinn. Det var ikkje alltid at eg jobba hensiktsmessig. Då boka endeleg kom i trykken, hadde eg ikkje mye til overs for å vere nøgd med meg sjølv. Eg var kanskje litt deprimert og sårberr, og kanskje difor særskilt takksemd og lykkeleg då eg mottok beskjeden om debutantprisen. Då brevet om prisen kom i posten, var det som om alle rullegardinene letta. Det blei så lyst! Hurrasle!

Eg satt faktisk og jobba med andreboka den veka eg fekk brevet. Men allereie same kvelden tok arbeidet ein ny og lettare vending. 

3. Oppfatter du priser generelt som viktig i forhold til litteraturens eksponering i media?

Eg har inntrykk av at mange vel bøker dei skal kjøpe og lese ut i frå prisar. Det er om eg skal tru t.d. Agnes Ravatn etter Litterær Salong på kvinnedagen. Men då var det snakka om kvifor vi les fleire mannlege forfattarar enn kvinnelege, og kvifor så mange fleire menn er nominert til dei store prisane. Når eg ikkje snakkar om Vesaas-prisen i eit feministperspektiv, er det pga den der tricky teorien og ikkje fordi det er irrelevant. Det veit eg ikkje om det er. 

4. Har forlaget fulgt opp prisen i form av annonser o.l.?

Samlaget sette inn ei annonse på framsida av BT kor det bare sto Gratulerer. Ein fantastisk søt gest som gjorde meg godt. Eg saknar midlertid at dei sett pris på Vesaas-vinnarane som ei gruppe. Tre av fem vinnarar frå dei siste fem åra var frå Samlaget. Det burde Samlaget i større grad bruke. I mine øyrer og auger er det ein sprek og verdig gjeng å ha i stallen sin, som dei seier. Det blir keisamt å gå på gras i lengda. Eg treng ikkje champagne. Island har lært meg at eg har det best i det lange løpet utan dette. Men eg tek gjerne noen sprang i høve til eksponering og marknadsføring av bøker og forlag.

Så gjenstår å se om Samlaget følger opp Mette Karlsviks hete stalltips.