Årets vintersportsdiktar

  Bare nokre veker etter at konkurransa var utlyst, var Sigrid Sørumgård Botheims dikt ferdig, og vann konkurransa til Olympiastadion. Juryen seier om diktet: Botheim…

© Benedicte Skarvik

 

Bare nokre veker etter at konkurransa var utlyst, var Sigrid Sørumgård Botheims dikt ferdig, og vann konkurransa til Olympiastadion. Juryen seier om diktet: Botheim ligger et par skitupper foran konkurrentene. Elegante bilder, lett og ubesværet rytme, med innlagte hint og lån fra Olav H. Samt delikat Putinkritikk som dufter av René Char. Ikkje mindre! Sigrid debuterte som forfattar i lag med syster si, Guri Sørumgård Botheim, med romanen Ramstein pensionat. Den kom på Det norske Samlaget i 2009. Og vintersportsdiktet, det kjem her:

 

ACROSKI : SOTSJI

 

Det er den dressen eg ber

ein turkisfarga frå 80-talet

og kroppen kjem i tale

olbogen vil fortelja

 

føtene helsar

håret lokkar

leggane nektar

nakken opnar seg

 

for balletten er eit bål

ein fakkel i foten

for balletten går på ski

 

eg dansar forbi

Northug og Svindal hand i hand

Bjørgen og Berger kysser einannan

Caspersen Falla held discokula

Rune Kristiansen kjem ut av smørebua

 

skivoks i alle fornuftige fargar

funkar fint som leppestift

noko vidunderleg skal skje

men skia er skeive

 

bakkane er bratte

 

Putin går på svarte ski

frå Moskva til Sotsji

eg vil renne meg

på ein palett av pastell

og eg glir, glir inn på ein veg

eg ikkje har visst um