Aschehougprisen til Anne Oterholm

Anne Oterholm har fått Aschehoug-prisen! Her kjem eit "Brev til Leiaren": Anne Oterholm blei fødd i 1964 i Illinois, USA, men vaks opp på Ås utanfor…

Anne Oterholm STORT

Anne Oterholm har fått Aschehoug-prisen! Her kjem eit "Brev til Leiaren":

Anne Oterholm blei fødd i 1964 i Illinois, USA, men vaks opp på Ås utanfor Oslo. Ho debuterte skjønnlitterært i 1995 med romanen "Ikke noe annet enn det du vil". I 1999 blei ho nestleiar i Den norske Forfatterforening. Frå 2005 har ho vore leiar i foreninga. Og frå 2005 har ho skrive "Brev fra Lederen" til medlemmane sine: Som ein puls gjennom kvardagen, ramlar "Brev fra Lederen" ned i postkassa mi. Då har Anne skrive personlege og informative brev om ståda i foreninga, i den litterære ålmenta, eller i kulturpolitikken generelt. Folkeopplysningsaspektet er ein av dei gode tinga med breva. Det andre som er så godt med dei, er at Anne er nær og personleg, og gjer DnF til nettopp ei fagforening. Ein plass å hente støtte frå. Men språket til Anne, og tonen ho skriv med, har også andre djup til seg. Bøkene hennar sel godt, og får gode meldinger. Men no har også komitteen som vel kandidatar til Aschehougprisen fanga opp Anne sin kjensle for språk og fortelling. Anne Oterholm får Aschehougprisen for 2010. Det blei offentleggjort på Hagefesten til Aschehoug. Ho fekk ein statuett; ein kopi av Ørnulf Basts "Evig Liv", og 100 000 kroner. Les mer om prisen her.

Gratulere, kjære leiar! Vi forventar at du nemner dette i neste "Brev fra …", og svarar på dette: Korleis kjennes det?