Aktuelt

Aschehougprisen til Liv Køltzow

Aschehougprisen – 2018 juryens grunngjeving «Den brennande kontemplasjonen over tinga i denne verda» – slik har Gustave Flaubert karakterisert forfattargjerninga. Årets Aschehougprisvinnar sluttar seg til dette kunstnariske…

liv_koltzow_2

Aschehougprisen – 2018 juryens grunngjeving

«Den brennande kontemplasjonen over tinga i denne verda» – slik har Gustave Flaubert karakterisert forfattargjerninga. Årets Aschehougprisvinnar sluttar seg til dette kunstnariske credoet i eit essay om si eiga debutbok, og har halde fast ved det gjennom ei forfattargjerning som strekk seg over snart femti år.

Årets prisvinnar betraktar, sansar og tenker på tinga i denne verda med uvanleg sterk intensitet. Det gir opphav til tekstar med eit unikt temperament, og til erkjenningar og innsikter som ikkje berre er for tanken, men også for kroppen, kjenslene og blikket.

Sidan debuten i 1970 har prisvinnaren skrive noveller, essay, ein eigenarta biografi, og ei rekkje romanar – sju i talet. Gjennombrotet kom parallelt med kvinnerørsla sitt gjennombrot, og synet på forfattarskapen var lenge merka av det feministiske utgangspunktet. Men som bøkene til prisvinnaren lærer oss i praksis: Det ligg mykje i blikket som ser. Mange lesarar har fått førestillingar om programmatiske og påståelege 70-talsbøker revidert i møte med tekstane til prisvinnaren frå denne tida. Skildringane av kvinners strev med å bryte ut av buret og frigjere seg frå kvelande familieforhold, ekteskap eller samfunnsnormer, høyrer tydeleg til tida si, men strekk seg også utover den tronge ramma ein del bøker frå denne tida har blitt lesne inn i.

Utviklinga i forfattarskapen er prega av både kontinuitet og fornying. Årets vinnar har skrive viktige romanverk i kvart einaste tiår sidan 70-talet. Romanane handlar om kjærleik og sorg, om samliv og seksualitet, ekteskap og ekteskapsbrot, om kunst og verkelegheit og om handling og forandring. Slike tema utforskar årets vinnar med ein sjeldsynt autoritet – ein autoritet som tillèt seg å nøle og tvile.

Denne tvilande autoriteten kjem til uttrykk i romanar som er stilistisk beherska og avstemte, men overraskande bevegelege og opne. Lesaren kan følgje nyansane i medvitet og sansane, utan at den ytre verda forsvinn ut av biletet – sjølv ikkje i romanen frå 1997 som i tittelen påstår nettopp at verda er i ferd med å forsvinne. For, som prisvinnaren sjølv formulerer det, så frekt og fint, i samtaleboka Å forsvinne i teksten frå 2015: «Mye av modernismen beskriver bare følelsen og ikke dens opphav. Og det blir jo helt høl i huet». Vi har med andre ord å gjere med ein realistisk modernisme: «Jeg tror ikke man kan få sagt alt om å være menneske uten å plassere folk i konkrete situasjoner. Du må ha en vegg å spille mot, en motspiller, for å få framkalt hva som er problemet, hvorfor de og de følelsene springer opp i noen».

Prisvinnaren har verkeleg funne ein slik forløysande motspelar, og ein hard vegg å spele mot, i sin siste roman, som kom ut i 2015, tretten år etter den førre romanen og om lag tretten år etter at ho fekk diagnosen Parkinsons sjukdom.

«Du skulle ha hørt livshistoria mi, du, så hadde du fått noe å skrive om!», seier Vegard Vinsnes, som hovudpersonen i romanen møter på eit rehabiliteringssenter. Forfattaren Kaja Baumgarten har også Parkinsons, og ho er inne i ei langvarig skrivetørke. Møtet med denne Vinsnes’n set noko i gang.

Resultatet er romanen Melding til alle reisende, som står for ei overraskande og svært vellukka fornying i prisvinnarens forfattarskap. Det handlar framleis om ei kvinne som kjempar for å bryte ut av eit bur. Men der prisvinnarens tidlegare kvinnekarakterar – Eli og Nina, Helen og Hanna, Bjørg og Unni – har vore stengt inne i forventningar og krav frå andre, er det den aldrande og sjuke kroppen som held Kaja fanga. Sjukdommen er lammande, men det viser seg at tvingande nødvendigheit også kan gi skapande, forandrande kraft: Den rufsete stilen og råbarka humoren i romanen tok mange trufaste lesarar på senga.

Som prisvinnarens tidlegare bøker er Melding til alle reisende skrive med stort mot. Den representerer ei stor estetisk endring, tvunge fram av vilkåra som sjukdomen stiller for både skrivinga og livet, men er samtidig heilt gjenkjenneleg som forfatta av Liv Køltzow. Det er ei stor ære å gratulere Liv Køltzow som årets vinnar av Aschehougprisen.

Juryen har i år bestått av Bernhard Ellefsen, Eivind Myklebust, Hilde Slåtto og Janneken Øverland (arbeidsutvalet for litteraturseksjonen i Norsk kritikerlag)

Også DnF-leder Heidi Marie Kriznik hold tale – her er den: 

Jeg er heldig som får anledning til å gratulere (deg) årets Aschehougprisvinner: Liv Køltzow.

I boka Å forsvinne i teksten ( som er en dialogisk tekst mellom forfatterne Blad og Køltzow) skriver litteraturprofessor Toril Moi ( i forordet)  om Køltzows særegne bidrag til norsk litteratur og om hvorfor Køltzow er en viktig forfatter med en åpenbar plass i norsk litteraturhistorie. Hun skriver: «Køltzows karakterer sanser, observerer og reagerer. De nøler, grubler, tenker, minnes fortiden og frykter fremtiden, samtidig som de er sterkere og mer optimistiske enn de selv vet. For å få fullt utbytte av disse tekstene, må leseren følge hver bevissthetsnyanse, hvert sanseinntrykk. Køltzows skrift er en innstendig anmodning om oppmerksomhet.»

Å sanse det som er; det er en kunst. Kanskje nærmest en umulighet.  I Køltzows forfatterskap tilstrebes likevel erkjennelse gjennom sansning. Om det er hvordan lyset faller, hvilken tilstand, hvilket savn, hvilket kunstnerisk uttrykk.

 «Forfatter er mitt yrke» er så å si det første Liv Køltzow sier i dokumentaren Livs liv som kom i 2016. Dokumentaren viser tydelig hvor mye skrivinga betyr, at det er SKRIVINGA, det å FÅ SKREVET, som gjelder. Samtidig viser den ambivalensen til skrivinga.  I filmen sier hun:  «Faen nå får jeg ikke skrevet flere bøker», for i det neste øyeblikk å si «Gudskjelov nå trenger jeg ikke å skrive mer!» Men gudskjelov at du fortsatte å skrive Liv og for at du har skrevet det du har skrevet.  

Kjære Liv: Gratulerer med et sterkt forfatterskap, og en velfortjent pris.