Barnebokpris til Tom Egeland

  (Kunnskapsminstar Torbjørn Røe Isaksen (t.v) overrekker prisen til Tom Egeland (t.h) © ARK) Tom Egeland (f. 1959 i Oslo), vaks opp på Grorud, og…

Tomme koppar, men full prispott: Tom Egeland! © Mette Karlsvik

 

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen overrekker ARK-prisen til Tom Egeland

(Kunnskapsminstar Torbjørn Røe Isaksen (t.v) overrekker prisen til Tom Egeland (t.h) © ARK)

Tom Egeland (f. 1959 i Oslo), vaks opp på Grorud, og har budd der fram til for eit par år sidan. Han har jobba som journalist og vaktsjef for TV2, og har skrive på fulltid sia kriminal – og mysterielitteraturen hans vart bestselgande. Boka Katakombens hemmelighet blir skildra som ein intens spenningsroman om dei største gåtane – om livet og døden. For denne får Tom Egeland ARK sin barnebokpris for 2013. Juryen, på 10000 ungdommar, valde Katakombens hemmelighet som sin favoritt. Kva synest du om det, Egeland?

– Eg er veldig stolt og glad og audemjuk. Sjølv om eg skriv spenningslitteratur – både for vaksne og unge – har eg alltid ein meining ut over det å underhalde. Eg vil gjerne dele kunnskap, og gjerne provosere lesarane mine. Eg var spent på korleis unge lesarar ville reagere på det. Det er sjølvsagt ekstra stas at det er dei unge lesarane som har stemt fram boka mi. Så kva kan eg seie, anna enn tusen, tusen takk. 

Foto: Åse Myhrvold Egeland