Bergen kommune trur på Trond Davidsen

– Eg er ein smal forfattar, og blir kanskje oppfatta som «sær». Då er det godt at det finnst kloke hovud også i kommunen som…

Trond Davidsen

– Eg er ein smal forfattar, og blir kanskje oppfatta som «sær». Då er det godt at det finnst kloke hovud også i kommunen som veit å sette pris på god litteratur, seier forfattar og DnF-medlem Trond Davidsen (f. 1963) då han nyleg fekk eit stipend frå Bergen kommune. Det lyd på det heile 200.000 kroner, og kjem, i følgje vinnaren sjølv, «som manna frå himmelen»:

– Kva betyr dette stipende for deg, Trond Davidsen?
– For meg betyr dette først og framst at eg no får halde fram arbeidet med den neste romanen min «Kvartermester Mellingseth». Det er ein solid anarkjenning frå kommunne. Eg har vore i kjellaren økonomisk så dette stipendet kom som manna frå oven.
– Kva forhold har du til kommunen din?
– Ein kan meine kva ein vil om borgerleg fleirtall men her i Bergen fungerar det utmerkt! De skal ikkje sjå bort i frå at Erna får ei stemme frå meg ved neste val, seier Trond Davidsen, som debuterte som forfattar i 1998 med romanen Triggerhappy. Så langt har han gitt ut bøkene sine hos Oktober Forlag, og så langt har det blitt fire romanar og nokre noveller. Den første boka var skrive med kraft, med energi og eit språk som ein kan forvente av den Trond Davidsen som ein møter, andlet til andlet. Ei bok som talte mykje til meg personleg, var Vann, beretninga om ei ung jente som symjer. Ragnfrid Trohaug skreiv ein gong om boka «Vann», for Klassekampen: "Vann, av Trond Davidsen, er ei slik lavmælt bok som jeg sperrer kroppen opp for." Vi gratulerer Trond Davidsen, ein mann som handlar inn kartongar med vin på årsmøter, og inviterar ei heil forfattarforening til nachspiel på det vesle  hotellrommet sitt! Gratulere til ein kunstnar som fornyar seg sjølv og som overraskar, og som er lagbyggar og gruppeleiar på nivå med dei beste frå den amerikanske hæren sin Camp David.