Bestselgarar Michelet, Jacobsen, Enger, Eggen og Alnæs

Det er vanskeleg for ei ny, norsk bok å konkurrere med omsette blockbusters solgt til rabattert pris, eller med kampanjebøker solgt billeg. Men norske bøker,…

ny_norsk

Det er vanskeleg for ei ny, norsk bok å konkurrere med omsette blockbusters solgt til rabattert pris, eller med kampanjebøker solgt billeg. Men norske bøker, tre av dei heilt nye, toppar likevel den av bestselgarlistane som inkluderer alle typer titlar. Jon Michelets nyaste roman toppar – rett framfor fjorårsromanen. En sjøens helt: Skytteren selger mest. En sjøens helt: Skogsmatrosen er begge på Oktober Forlag. Dei same titlane toppar e-boklista. På boka over papirbøker, er Roy Jacobsen på tredjeplass med De usynlige. Fjerdeplassen er tatt av Cecilie Enger, som i haust er aktuell med Mors gaver. Då Enger las frå boka si, for NRK P2, lot ho lyttarar også vite noko om kva tema ho har vore oppteken av i skrivinga. Som dei mange funksjonane som gåver, sa Enger då – om gåver – som kan vere så mykje, og sjeldan er nøytralt. 

En sjøens helt: Skogsmatrosen er ei bok frå i fjor. Den var dei av dei norske titlane som låg lengst på toppen av Boklista. Oppfølgjaren har, som førsteboka, fått gode meldingar i media Og salet ser ut til å stå i stil med meldingane.

Karsten Alnæs er for mange kjent som tidlegare leiar av DnF. Men han satt ikkje berre som leiar i to periodar. Av alt han har gjort, kan ein nemne å vere lektor og kulturredaktør, og ikkje minst ha skrive ei lang liste bøker i alle sjangrar. Det er ei sakprosabok om 1814 som no ligg inne på lista over best selgande generell litteratur. Sakprosa har tatt Torgrim Eggen inn på lista også:  Berlin: Det 20. århundrets hovedstad.