Biblioteket!

Rimur vs steving vs Jay Z og Pol Pot: Sterke ord og høye røster runget gjennom regnet over Schous Plass i går kveld. Ikkje sidan…

Rimur vs steving vs Jay Z og Pol Pot: Sterke ord og høye røster runget gjennom regnet over Schous Plass i går kveld. Ikkje sidan forfattarar demonstrerte mot flytting av Nasjonalgalleriet, har eg sett diktarar stå utandørs, på steintrappar framfor erverdige bygg; trossande regn eller andre naturutfordingar for å deklamere politiske vers. Rimurpoetane, diktarane og essayistane hadde fullsatte rekker av stoler foran seg på plassen, og gamle Deichmanske Filial Grünerløkka i ryggen. Mens norske diktere leste til kamp for å bevare Nasjonalgalleriet på denne tiden i fjor sommer, handlet det i går, på Deichmanske, blant annet om forholdet mellom kampen om klassekampen: Kven driv klassekamp og – reise i dag; fremmedarbeidarar i Noreg, eller konsumentane av høg vs låg kultur?


Vi kjenner Grünerløkka som eit rikmannsområde som blei
arbeidarklassestrøk, som blei hipsterbydel, og som i dag, i den nedste
delen av området, er utfordra av narkotikasal og sosiale problem. Då
Grünerløkka Bibliotek blei opna i 1914 var bygget ein katedral av kultur
mellom arbeidaranes bustadar. dag er filialen den eine av to i Oslo som har søndagsope (hurra), og har også Deichmanske store
teikneseriesamling, Serieteket. Relativt nytilsette litteraturkonsulenten og arrangementsansvarlege ved denne avdelinga av Deichmanske,
Cathrine Strøm, er kjent for mange som vikarierande festivalsjef for
Bjørnsonfestivalen, som ein av gründarane til Transfe: r Forlag, og som
mangeårig redaksjonsmedlem i tidsskriftet Vagant. No er ho ein av dei
som står bak litteraturhendelsesserien Folkebiblioteket; ei programrekke
som har gått fire onsdagar i vår. I gårsdagens hending handla mellom
anna om kampen om klassekampen: Kven har i dag eigedom over klassekamp
og – reise-omgrepa? Går kampen innanfor kvar sektor av arbeidslivet,
eller mellom konsumentane av høgare og lågare litteratur? Jonas Bals,
som snakka meir som fagforenignsmann enn som forleggar, sa: Lenge har det vore slik at ein ikkje kunne snakke om klasse utan å ende opp i kulturlivet: Kva er du mest fortrolig med, country eller klaver? Skyv du bøkene heilt inn i bokhylla og pynter ho med nips, eller lar du bokryggane stå heilt yttarst?  Dusjar du før eller etter jobb? Osv. No er situasjonen heldigvis i ferd med å snu: Går du til kulturlivet, då blir det snakka om klasse. Og det dreier seg ikkje lenger om navlebeskuande kulturanalyser, men om styrketilhøva på arbeidsmarknaden. Han fortalde historiar om
avhumaniseringa av arbeidslivet, og den nye typen arbeidsutveksling som
skjedde frå og med at landa i aust kom med i EU. Det var historier som fekk ein til reflektere over dei frosne bæra som ein kjøpar for ein slikk og ikkje noko, og korleis ein kan kjøpe ei blokk med torsk for tjue kronar. Bals fortalte om
umenneskelege tilhøve på fiskeforedlingsbåtar utanfor Baltikum, og om
korleis eit norsk vikarbyrå utlyste ein konkurranse nyleg seier alt:
"Betal for ein vikar, få to". 

Han virka vant til å lese utandørs og på store plassar, Nyhil-poeten Eirikur Örn Nordahl. Nyhilgruppa, som var særleg aktive midt på 00-talet har lese på musikkfestivalar og eigne festivalar, og har, for uavhengigheits skuld, sitt eige forlag kor dei gir ut bøker. Folkebibliotek-programmet var komponert kløktig; frå eit meir lyrisk og lydbasert islandsk framlegg, fekk ein eit innhaldsmessig kanskje meir detaljert og tett framlegg frå Susanne Christensen. Mens publikum rista tårar av regnkåpene, snakka Christensen mellom anna om Poly Styrene: To av mine gamle heltinner har gått bort. Det er på sin plass med et hyldningskvad sa Christensen, eller noe i den mollen; ho introduserte ein tekst om jenta osm Christensen sitarar slik: There was just so much junk then. The idea was to send it all up.
Screaming about it, saying: "Look, this is what you have done to me,
turned me into a piece of Styrofoam, I am your product. And this is what
you have created: Do you like her?

The scent of Thyme carried on the wind/ stings your face into remembering/ cruel nature has won again. Slik byrjar låta av ein annan politisk interessert kunstnar; PJ Harveys låt "On Battleship Hill" er frå det hittil mest politiske av alle albuma hennar; Let England Shake. Og kvifor? What’s the deal med Storbrittania for tida? Engelskmannen
Sean Bonney var ein av dei litterære aktivistane som las på Løkka i går:
går.

– Dette er skrevet etter en demonstrasjon. Dette også. Det kan virke som om jeg alltid demonstrerer, sa Bonney, før han starta ein straum av engelsk korfrå observante lyttere kunne fiske opp referanser til engelsk politikk og politikarar.

Iniativtakar til prosjektet, Paal Bjelke-Andersen har lova oss eit intervju om Folkebiblioteket #4, noe som kan komme seinare i dag. Til no kan han sleppe denne nyhenda: Folkebiblioteket skal gå over to år. Og godt er det.