Bjørnsonprisen til Einar Már Gudmundsson

  Einar Már Gudmundsson var ein av vinnarane av Bjørnsonprisen 2010. Han fekk den i Molde på måndag. I går kveld, torsdag, vitja han Litteraturhuset…

 

Einar Már Gudmundsson var ein av vinnarane av Bjørnsonprisen 2010. Han fekk den i Molde på måndag. I går kveld, torsdag, vitja han Litteraturhuset i Oslo. Her er ein rapport frå arrangementet: Kvar stol var fullsett i kjellaren av Litteraturhuset. Det blei begynt og introdusert mange interessante og viktige tema og spørsmål: Eg håpar vi får ei fin stund i lag her, seier Einar Már Gudmundsson i starten av arrangementet, og les frå Den Hvite Boken: Om eit land post festum, post krise, og eit og anna av post Icesave – stresstraume:

       Afrikanske aviser skreiv dette om Island: “Nektar å gå i sin eigen gravferd”, seier Einar Már. Den afrikanske artikkelen handla om korleis Island nekta å sette seg i ei gjeld dei ikkje handsama. Korleis er levestandarden i dag? Har nykapitalistane framleis så god råd som di hadde? Og kva haldning har dei til det som skjedde?

Island har ikkje funnet opp kapitalismen. Den kom hit, seier Einar. Alle marxistar godtar seg over det som har skjedd på Island, seier Mimir. Kva kjem til å skje med andre kapitalistiske samfunn? Kva er alternativa til kapitalismen?

Islendingar kan å seie “nei”. Men dei veit ikkje alltid kva dei så skal gjere. Og det treng ikkje nødvendigvis å vere noko negativt, seier Einar Már. Kvifor er det ikkje negativt? Men tida rinn ut. Timen har gått. Det begynner å haste med å dekke over alle tema.

Det finnst ikkje noko slikt som heiderleg og uheiderleg kapitalisme, seier Mimir:

Folk har eit bilde av kapitalistar som nokre flosshattkledde grisar som sitt på kvar sin pengesekk, og diskuterar kva u-land dei no skal utnytte, kven dei no skal suge pengar frå. Men dette handlar om system. Det er sjeldan enkeltpersonar som sitt og vil ha det slik. Hadde det enno vore så vel. Då var det bare å finne desse enkeltpersonane, og putte dei i kasjotten for alltid, seier han. Og akkurat når eg skal til å vente på ein kommentar frå Einar, så har tida gått, og Einar les eit nyskrive dikt. Eg resiterar det etter minnet (med all respekt for forfattaren!)

Du som har ditt hjem på ei øy i hjertet/ Rekk meg nordlyset/ Jeg vil danse med de som har stjernene i seg// Dette er en klode/ som dreier seg rundt et sentrum/ alltid under føttene dine// Her er landet hvor tiden faller som en avis gjennom en brevsprekk/ men her er ingen abonnenter

 

(Tre noter: 1. Den andre prisvinnaren er den slovenske diktaren Milan Richter. 2. Prisen er på 100 000 NOK, og blir delt ut av "Bjørnsonakademiet". Knut Ødegård er "president" for akademiet. I 2009 gav han prisen til Grigorij Pomerants (Russland) filosof og Ziaida Mirkina (Russland) dikter, og i 2008 til Ola Larsmo, ein svensk forfatter 3. I kveld, fredag, speler Island mot Norge i EM-kvalifiseringa. Kampen skjer i Laugardalen (104 Reykjavik). Ein får håpe at Einar Már rekk heim til Reykjavik i tid for å heie laga fram til siger!)