Bless, bless Eyrarbakki!

  Stefania Erlingsdottir bur i Reykjavik, men eig eit lite hus i fiskarlandsbyen Eyrarbakki. I dag bur det nesten like mange kunstnarar som fiskarar i…

© Mette Karlsvik

 

Stefania Erlingsdottir bur i Reykjavik, men eig eit lite hus i fiskarlandsbyen Eyrarbakki. I dag bur det nesten like mange kunstnarar som fiskarar i byen. Dei små husa som før var heilårsbustadar for fiskarane, blir no ofte brukt som sommarhus for folk i Reykjavik. Stefania er ein av desse, som har eit av dei større husa i Eyrarbakki. Ho har innreidd overetasjen til skrivestove, og leiger ut til gode folk, gjerne forfattarar. Ho jobbar til dagleg i bokhandelen Mál og Menning i Laugargata. Der kan du treffe henne, og høyre meir om huset. Du kan også ringe henne på hennar islandske telefonnummer 00 354 8989571. For informasjon om Eyrarbakki som by å bu og skrive i, ta gjerne kontakt med DnF-medlem Mette Karlsvik.

 

 

© Mette Karlsvik

© Mette Karlsvik© Mette Karlsvik