Aktuelt

Bohemsøndag, no!

På veg opp trappa til salen Fritzner, møter vi Vigdis Hjorth. Hjorth har kledd seg opp i programleiarantrekk, og “vi” er eittåringen min og eg….

screenshot_2018-11-18_at_13

På veg opp trappa til salen Fritzner, møter vi Vigdis Hjorth. Hjorth har kledd seg opp i programleiarantrekk, og “vi” er eittåringen min og eg. Eg seier at vi blir på arrangementet så lenge eittåringen klarar å vere stille. Vigdis Hjorth svarar “Litt skriking høyrer til på ein Bohem-søndag”. Så vi blei ganske lenge, høyrte Hjorth gå gjennom historia til dagen då DnF vart skipa, erfarte Ingeborg Arvola gjere Cora Sandel om til Cora Sandell og at Torgeir Rebolledo Pedersen drog fram ei flaske raudvin frå ermet og sørga for at Aasne Linnestå hadde noko i glaset då ho oppmoda oss til å skåle jamnleg for diktaren Dagny Juel. Linnestås skål gjekk ikkje nødvendigvis for Juels sosiale livsstil, men først og framst for dikta, som Linnestå meiner at utvida språket/ utfordra grensene/ osv osv. Bohemsøndag blir no avslutta med trylling ved Jon Øystein Flink.