Bokhandlarens kjapphest

Tida mellom klokka 17 og 19, då ein høyrer meir til ventilasjonsanleggets stille sus enn kortterminalens yppige knatr, var også den tida eg hadde nokre…

Tida mellom klokka 17 og 19, då ein høyrer meir til ventilasjonsanleggets stille sus enn kortterminalens yppige knatr, var også den tida eg hadde nokre av dei flottaste samtalane med kundar som kom innom, anten dei kjøpte ein roman (som dei deretter hasta heim for å lesa, med gull i blikket!) eller berre brukte lang tid på å orientera seg i utvalet. Nesten alt handlar om tid med bøker. Ein bokkunde fortener å ha tid til å orientera seg i eit impulsroleg miljø (bokutvalet er impulseksplosjonar i seg sjølv), slik ein lesar treng tid for å kommunisera med eit verk. I dag blir dei fleste bokhandlar for stive i lagerstyringa, for styrt av salskampanjar som igjen pregar det synlege utvalet. Slike mekanismar blir styrt frå toppen. Difor kan det vera ei glede å leia små geriljakriger frå golvet: Det starta kanskje med at ein kunde la ei hand på ei bok. Denne. Det heldt så kanskje fram med at eg snudde meg og peikte. Den. Det oppsto bevegelse mellom bokhyllene. Bøker blei snudd og bokvifter oppsto. Det blei nikka. Eg gjekk ned på huk. Den! Neineinei, sa kunden. Den hadde han lest, berre skit. Å? Så måtte vi snakka litt om det. Men den då, den er vel god, sa kunden. Den vil eg lesa sjølv, sa eg. Nye bokvifter, god nok tid, smatting og vurdering. Så gjekk kunden, satsa på boka, ga verket ein sjanse. Slik eg ga boka ein sjanse og flytta heile bunken fram i lyset, opp på bordet, godt synleg for andre som ville ta sjansen, ville bli overraska.

God tid er dybde, det er observasjon og større forståing. Ein bokhandel skal selga bøker, men den skal også løfta fram litteraturforståinga, den skal tørra å stå fram med ein sein, kulturell papirvare som boka også er. Og det i ei seinfiendtleg tid. Vi har slow food, i alle fall draumen om han. Boka er slow book, støyen rundt er heller fast. Det er eit faktum at boka ikkje kler å heile vegen bli tynt ut på kjapphestens haustmarknad!

Under julesalet i 2003 gjekk alle tilsette rundt med ein salsbutton der vi anbefalte ein tittel kvar. Det var ei glede å gå rundt med «Hemsöborna» av August Strindberg på brystet som linka til ei leseoppleving, samt til den sterke skandinaviske avdelinga på Norli. Hadde ikkje boka vore tilgjengeleg, ville det vore vanskelegare å bera tittelen. Det kostar å ha bøker på lager. Men det er gjennom å ha bøkene tilgjengelege, i butikken her og no, breidden held seg brei. Det sikrar også ei breiare lesing ut over det sjølvsagte, det overprofilerte, bestselgarane.

Ein gong stoppa to vaksne kvinner og ein hund opp ved sida av ein bunke «PS: Jeg elsker deg!» (av Cecelia Ahern, Bazar), tydeleg profilert i butikken (ikkje på bakgrunn av leseoppleving eller kvalitet, profilert pga. avtale med Bazar og stort kjedeinnkjøp). Eg rusla omkring og rydda bøker i det smale luftrommet mellom plakatane som stikk opp frå golvet og heng ned frå taket. «Uff, må vi lesa denne?» sa den eine kvinna, halvt mot venninna, halvt mot meg. Eg bøygde hovudet under ein plakat og bjeffa fram eit nei saman med hunden. De må jo ikkje det. Kvifor sto dei ved bunken? Kvifor vurderte dei nett denne boka til lesesirkelen sin? Vi kom i snakk. Dei ville ha tips frå meg, og tips frå meg blei då som vanleg frå ei einaste kjelde: Leseopplevinga. Spranget frå den romanen dei kikka på, altså «PS …», til den dei kjøpte i seks eksemplar, nemleg «Trær som faller» av Thomas Bernhard, er stort. Ein kan godt seia at bokhandlaren skal sjå kunden sin an, men hallo, her hadde vi ein lesesirkel som ba om å få slippa å lesa ei kanskje typisk lesesirkelvennleg bok. Då skulle dei få sleppa. Og kva gjekk dei til? Ein mørkbitersk, humoristisk, paranoid, tankevekkande roman om kunst, teater, kjendiseri, hykleri og død! For ei utvikling det var der på golvet; hunden logra, kvinnene strålte, eg bukka og forklarte, gnistra fram mitt bodskap og byksa mot hylla og bokstaven B, denne, mine damer! Ja! Denne! Puh, tenkte eg etterpå. Så godt det var. Førstnemde bok selde seg sjølv gjennom eit stort pr-budsjett. Bernhard si bok er ein moderne klassikar i pocket som bør vera inne i butikken, men som ikkje nødvendigvis er det – og profilert, synleg i butikken kan ikkje ei slik bok venta å vera. Her kjem dei tilsette inn. Og: Sjølv om det skal ligga ein butikkfornuft i botn, treng ein tilsett spelerom til å bestilla, rebestilla, utstilla.

Nesten identisk historie skjedde med Sue Monk Kidds «Bienes hemmelige liv» (også den Bazar). Det fortel om budsjetta bak produktet, heilt fram til lesaren (som sjølvsagt kan ha ei stor leseoppleving). Men min eigen «vegleiande operasjon» for dei to kvinnene, er god å tenka på. Det viser at det er viktig med lesande bokhandlarar, ulike type lesarar – og også av ein type lesing, og deretter salsmotivasjon, som ligg utanfor det forlagsstyrte, kjedestyrte, kampanjane og satsingsområda. Fleire bøker treng liv, fleire bøker treng å rebestillast – inn i butikken med dei! Om dei ikkje er der, er det vanskeleg å oppdaga dei, vanskeleg å anbefala dei, ja, det er ikkje sikkert dei blir bestilt eingong om kunden lurer og den tilsette ikkje har sett boka. Boka er berre ikkje.

Snart startar julesalet, sjølve delfiakaka i bokhandelåret. Bokhandlarane tar imot julegåvehandlelister av typen "Til tante Gunn" der det står Noko frå topp 10 eller Noko frå ein kjent forfattar. Greitt nok. Det er eit fokus i sirkelen lesar – media – forlag – bokhandel, det må vi også godta og imøtekomma. Men i denne imøtekomminga ligg det ei plikt i å varsla om fyord som kvalitet og breidde. Ikkje berre ut frå bokhandlaren sitt eige engasjement, også sjølve bokhandelen må i større grad tørra å profilera breidde.

Tante Gunn, ja. Bokhandlaren går ned i eit bukk og rundar hjørnet med eit sukk, henter boka og får gleden av å møta tante Gunn igjen rett over nyttår då boka blir bytta inn, kanskje i to og tre eksemplar… Sjølvsagt. Det er lov å pusha bøker, men kvifor pusha sjølvpushande bøker når du kan gjera ein «vegleiande operasjon» som kunden ofte blir strålande glad for?