Boklov og bokavtale

Diskusjonen har dei siste dagane gått om kva ei ny regjering vil gjere med den vedtekne boklova. Friprisrørsla har også sett sitt snitt til å…

sigmund_lovasen_offisielt_2_fotograf_svein_erik_dahl

Diskusjonen har dei siste dagane gått om kva ei ny regjering vil gjere med den vedtekne boklova. Friprisrørsla har også sett sitt snitt til å heve røysta igjen. Det er verdt å minne dei på at det framleis er stort fleirtal på Stortinget, jamvel i ei eventuell ny borgarleg fire- tre- eller topartiregjering, for fastpris og regulering av bokmarknaden. Berre Framstegspartiet er i mot. Går ei ny regjering inn for bokavtale, må dei hugse på at boklova tok særleg omsyn til lesar og forfattar. Forfattarane har aldri vore part i bokavtala. Det er éin grunn til at vi ynskjer ei lov som gjeld alle, ikkje berre dei frivillige. Når så viktige rammevilkår, også for forfattaren, blir bestemt utan at vi har høve til å påverke resultatet direkte, må det for ei eventuell ny bokavtale bli lagt politiske føringar som tar omsyn til forfattarane. Ei eventuell ny bokavtale må heller ikkje gjere det muleg å gje betre vilkår til eigen leverandør eller forhandlar på bakgrunn av eigarskap. Slik kan ei bokavtale også ivareta nye og mindre aktørar i bokmarknaden.

 

Den norske Forfatterforening vil peike på kva vi ser som dei tre viktigaste elementa i ei slik regulering, uavhengig om det blir gjennom lov eller avtale:

 

Fastpris

Fastpris for nye bøker gir forfattaren eit føreseieleg royaltygrunnlag i ein elles ustabil forfattarøkonomi. Med fripris blir det opp til forhandlingar mellom t.d. Ark og Gyldendal kva forfattaren skal sitte igjen med. Fastpris pressar også bokhandel i gata og på nett til å konkurrere på andre ting enn pris, altså service, utval og formidling, noko som er eit gode for lesar og litteratur. Fastpris hindrar at t.d. Coop kan dumpe prisane på eit fåtal bestseljarar og med det ta knekken på den fullassorterte bokhandelen som er avhengige av salet av dei same bestseljarane. Lesarane får med fripris mindre valfridom når dei skal ut og kjøpe bøker. Og vi gjentar: Erfaring frå andre land syner at fripris berre gir  lægre pris på eit mindre utval bøker, den gjennomsnittlege bokprisen blir på same nivå eller går opp.

 

Kollektivt avtaleverk

Forfattar- og oversettarorganisasjonane har i dag rett til å framforhandle normalkontraktar med Forleggarforeininga. Mistar vi denne retten må kvar og ein forfattar forhandle på eiga hand. Det seier seg sjølv at ein lyrikar eller debutant vil gå inn i slike forhandlingar med eit heilt anna utgangspunkt enn ein etablert forfattar som sel mange bøker. I møte med forlag som til tider ser like mykje mot rekneskapstal som mot litteraturen, vil forfattaren i dei aller fleste tilfelle vere den svakare parten i ei forhandling. Avtaler framforhandla på foreiningsnivå blir kvalitetssikra og bidrar til å halde forfattaren sin del av bokkrona på eit akseptabelt nivå. Denne retten blir ikkje mindre viktig når vi no forhandlar om kontraktar for nye måtar å omsette litteratur på, t.d. digitalt sal gjennom abonnementstenester.

 

Litteraturabonnement

Gjennom abonnementsordningane forpliktar eit større antal bokhandlarar seg til å ta inn minst eitt eksemplar av alle titlar påmeldt Kulturrådets innkjøpsordning. Dette bidrar til eit betre utval for lesarane. Det bidrar til at forfattarane når ut med bøkene sine. Det gir forfattarane eit større minstehonorar per utgitte bok, noko som gir økonomisk fridom til å skrive nye bøker. Forfattarforeininga vil framover arbeide for at Forleggarforeininga og Bokhandlarforeininga skal forbetre litteraturabonnementa, auke talet på bokhandlarar som teiknar abonnement og forbetre formidlinga av bøkene i ordninga.

 

Det blir hevda at fastprissystemet, bokavtale eller boklov vil vere til hinder for nye måtar å formidle og selje litteratur på. Dette er feil. Det ei enkel sak å tilpasse lov eller avtale for ei digital framtid der litteraturen kan nå lesarane gjennom heilt nye vegar.  Abonnementstenester for norske e-bøker er snart i gang, der brukarane kan få lese eit stort utval bøker mot å betale ei månadleg abonnementsavgift. Fastpris er inga hindring for dette, det er fullt muleg å ta omsyn til om det er fastprisbøker eller ikkje i dei ulike abonnementa. Fastpris vil bidra til at både den tradisjonelle bokhandelen og dei nye digitale lesetenestene også framover skal ha eit godt utval av bøker, slik at lesarane får størst muleg valfridom når dei skal finne fram til kva bok dei skal lese, og korleis dei vil lese ho.