Bokskya (III): Selvkritisk sjef for skyen

– Vi har ikke gjort god nok kommunikasjonsjobb! Det erkjenner Edmund Austigard, direktør i Den norske bokdatabasen, som driver Bokskya. Austigard er selv forfatter med…

fronten

– Vi har ikke gjort god nok kommunikasjonsjobb! Det erkjenner Edmund Austigard, direktør i Den norske bokdatabasen, som driver Bokskya. Austigard er selv forfatter med to romaner bak seg. I tillegg har han to mastergrader fra USA i finans, politisk økonomi og markedsføring. Likevel gikk ikke lanseringen helt som den skulle. Det er Austigard enig i – og synes faktisk mye av kritikken er fortjent.

– Hva syns du om Bokskya nå da den endelig er lansert?

«Vi er i gang. Over 5 000 e-bøker er levert dei første 48 timane. Teknisk løysing og Bokskya-appen ser ut til å fungere. Men vi har kollektivt undervurdert kommunikasjonen og distribusjonssentralen Bokskya har fått fokus, ikkje bokhandelen som eigentleg har behov for det. Men vi må konstatere at mange hadde høge forventingar som vi ikkje møter i første omgang. Vi har ikkje gjort god nok kommunikasjonsjobb, litt av dette skuldast den krevjande modellen. Når ni bokhandlar skal framstå med ulik fasade, men basert på same tekniske mal, vil det ta litt tid før ting blir så stramt som det skal vere.»

– Endel brukere synes det er tungvint å bruke Bokskya – hva er din kommentar til det?

«Vi må ta ansvar og rydde opp i dette så langt vi kan. Bokhandelen jobbar med betre brukarveiledningar og betre tilrettelegging. Bokbasen lyttar på twitterstraumen og vi kjem til å forbetre lese-appen med nokre oppgraderingar seinare denne våren. Men igjen, Bokskya-appen fungerar stort sett slik den skal på dei plattformene den skal virke. Men det fins ein myriade av plattformer der ute, kombiner dette med operativsystem, og det vil oppstå feilmeldingar frå tid til annan. Slik er det berre.»

– Er kritikken som ventet eller er du skuffet over avisanmeldelsene og kommentarene på sosiale medier?

«Synes media har gjort jobben sin. Kritikken er langt på veg både fortent og venta. Men nokre vil i ettertid sjå at den kanskje var litt ut av proporsjoner, dette systemet verkar faktisk. Dette med kjøpsoppleving, pris, utval og mangel på nye bøker ligg utanfor Bokbasens domene, men det er naturleg at kritikken blir retta denne vegen. Vi har ikkje vore flinke til å kommunisere. Vi konsentrar oss likevel om å skilje det som går på teknisk løysing her frå det andre, og endre der vi kan i den retning kundane ønsker.»

   

– Hva er det mest positive du vil trekke frem om Bokskya?

«Dette er starten. Mange er i ferd med å hente –ebøker. Over 5000 på 48 timer. Mange ser at systemet gir nokre gode brukaropplevingar.»

– Og det mest negative?

«Vår kollektive dårlege kommunikasjon.»

Les mer om Austigard på Wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Edmund_Austigard

Foto: Jarle Vines