Hilde Kvalvaag vann årets bragepris for barne – og ungdomslitteratur, for boka "Fengsla". Kvalvaag har først og framst vore kjent som forfattar av bøker for barn og unge. I 2008 debuterte ho også som vaksenbokforfattar, med romanen Skagerak. Den er ein stemningsfull og vagt urovekkande roman frå ope landskap ved Skagerak. Der skildrar ho kjensler gjennom sjøskap, og sjøskap sin lunefulle karakter. Kvalvaag har vunne fleire prisar, som Kulturdepartementet sin pris for barne – og ungdomslitteratur. Det er Det Norske Samlaget som gir ut boka, og David Aasen som har vore redaktør for den. Vi gratulere både forlag og forfattar med prisen!