Aktuelt

Brageprisar til Hagerup, Kvæven og Uri

Tore Kvævens episke roman frå mellomalderen på Grønland imponerte meldarane då han kom ut. Ambisjonsnivået var høgt, og meldarar og andre lesarar meinte at han…

Tore Kvæven mottek Brageprisen for skjønnlitteratur frå kulturminister Trine Skei Grande

Tore Kvævens episke roman frå mellomalderen på Grønland imponerte meldarane då han kom ut. Ambisjonsnivået var høgt, og meldarar og andre lesarar meinte at han hadde skrive realistisk – og engasjerande – om 1200-talet på Grønland. NRK var så sikker på at dette var ein av årets viktige bøker at dei tok turen heim til Kvæven på garden hans i Sirdal, Aust-Agder, og gjekk ein tur opp i marka, til stader der Kvæven kan sitje med skriveblokka og notere.

Helene Uris Hvem sa hva har òg fått mykje merksemd og gode meldingar, og har gitt grunnlag for ein ny offentleg samtale om språk og kjønn. 

I klassen for barne- og ungdomslitteratur vann Anna Fiske for boka Elven, medan Anna Røyne vart vurdert som den beste populærvitskapelege boka med Menneskets grunnstoffer.

Årets heiderspris gjekk til forfattar, omsetjar, regissør, skodespelar og dramatikar Klaus Hagerup.

helene.jpg

Helene Uri (foto: Heidi Marie Kriznik)