Aktuelt

Brettar ut ein bokhandel

– Det er merkbart færre bøker i butikken no enn då vi opna.  Popup-bokhandlar Kenneth Pettersen står mellom eit bord dekt av bøker, og hyller…

Kenneth Pettersen © Mette Karlsvik

– Det er merkbart færre bøker i butikken no enn då vi opna. 

Popup-bokhandlar Kenneth Pettersen står mellom eit bord dekt av bøker, og hyller stappa til randen av ryggar med forfattarnamn som Ole Robert Sunde, Geir Gulliksen og Hilde Myklebust. Berre dagar tidlegare var det adskillig fleire eksemplar. Og for kvar dag er butikken ny. Når Pettersen prøver å finne særskilte bøker med opne, sydde ryggar, då leiter han lenge.

– Vi flyttar om på bøkene for kvar dag. Det er ikkje alltid så lett å finne att det eg treng. 

Pettersen smiler frå øyre til øyre, mellom veggar dekorert av trykksaker, hyller der bøker står med fronten fram, som plakatar. Her er også minihyller i dei store hyllene; bokssett med meir skjøre publikasjonar. Nesten ingen av bøkene har ordinær storleik, men er uvanleg små, uvanleg store, uvanleg tjukke, eller så skjøre og fine at dei, om dei ikkje var stilt ut med så stor kjærleik og omhu, ser ut til å blåse bort i trekken frå den opne døra. Gjennom døra kjem det stadig folk. Ti kundar, på det meste, i eit lite rom på tette Grünerløkka. Ja, det er visst Oslo, at dette bokrommet befinn seg. Men vi er minst tre i rommet som kjenner oss som i ei bokgate i Paris, i eit galleri i Berlin, New York, you name it. 

Skrev bokhandel © Mette Karlsvik

– Hadde eg hatt 1000 euro skulle eg kjøpt denne!

Ein kunde har funnet ein brun konvolutt med handskrift på framsida: "6 ziner 2009 – 2014// Audun Mortensen// 1000 €"

Kunden kjem heit frå Skien, og er i Oslo i berre nokre timar. Men ein tur innom Skrev var han bestemt på å rekke. No pillar han i papiret, og er nysgjerrig på innhaldet i butikkens dyraste publikasjon. Men konvolutten er godt limt att. Forleggaren sett likevel stor pris på å halde i denne, og andre handlaga eller på andre måtar omhyggeleg forma og produserte trykksaker. Mengda av slike objekt, som er forma med tilsynelatande kjærleik, gir teikn til at bokverk er i vinden. 

Skrev bokhandel © Mette Karlsvik

– Interessa er stor, stadfestar Petterssen. Han og fjorårsdebutant Victoria Kielland står bak iniativet. Dei har eit kvalifisert von om å få plassert bokhandelen meir varig i ein bokhandel i Oslo, og nemner to etablerte butikkar som interessentar. 

– Eg tenkjer på bokhandelen som eit bilde av tida, i bokform, seier Pettersen, og viser fram nokre av dei nye publikasjonane som han er særleg glad i. Chapbooks trykt på blekkpresser i Sverige. Forfattaren er norsk, og er også forleggar: Jørn Sværen har ikkje berre publisert bøker på nemnte og svenske Chateau Forlag, men er også ein av Kolon Forlag sine poetar. Mange kjenner han som mannen bak H-Press. Forlaget bruker papirformatet for kva det er best til. Til å vere papir; i form av bøker som boksar: Tekstar er trykte, krølla saman, lagt i høge boksar. Andre publikasjonar er meir flate boksar, med tekstar på større ark, som plakatar. Alt dette er lagd lenge før digitaliseringa kom inn for alvor i forlagsbransjen. Dei var laga før det var vanleg å gjere det meste ut av papir – i papirboka: På å tenkje boka som eit kunstobjekt, som ein fysisk eining. 

Skrev bokhandel © Mette Karlsvik

H-Press er representert i Skrev, med nokre av dei mest stødige publikasjonane. Men sjølv nokre av dei meir forgjengelege objekta, som fanzinene til Luj, står her. Over ti år gamle, men framleis heile og fine. Vel er Skrev eit tverrsnitt av det som skjer i undergrunnslitteratur i dag. Men her ser også til å vere liner attover i tid, og i geografi. Her finn ein Rune F. Hjemås forlag Beijing Trondheim sitt tidsskrift, side – ved side med svenske og danske hefte og småbøker, som dei frå Forlaget Emancipa(t/ss)ionsfrugten. Her er Folkebibliotekets handsydde publikasjonar, og bøker frå Attåt Forlag. Og ikkje minst Audun Mortensens fanziner i brun konvolutt. Tysdag har det framleis ikkje kommet så mykje som eit bud på konvolutten. Men bokhandelen har framleis ut veka, i Københavngata 4, før han legg boksidene saman, pakkar seg ned, og førebur flyttinga til ny lokasjon. Inntil vidare: Ta turen til Københavngata 4, nord for Sofienbergparken."Skrev bokhandel" (c) Mette Karlsvik