Byrja å skrive då ho var ni

– Eg sat i stova heime, såg ut på plenen og kjeda meg, seier ny DnF-medlem Monica Bjermeland (49).

Kvifor ville du bli forfattar?

Fordi eg elskar å lese og skrive.

Når og kvifor byrja du å skrive?

Då eg var ni år. Eg sat i stova heime, såg ut på plenen og kjeda meg. Eg sat i en sånn stol du kan snurre rundt i, så eg snurra sikkert rundt i den. Og så skreiv eg to dikt på eit ark, truleg eit brevark. Eitt om årstidene, altså fire vers, og eitt om kjærleik.

Kva forfattarar har hatt størst betydning for ditt eige forfattarskap?

Dei første eg tenkjer på når eg les dette spørsmålet, er Gunnhild Bjermeland (upublisert dagbokforfattar), Marie Sørbø, Jan Inge Sørbø, Karl Ove Knausgård, Gunnhild Øyehaug, Brit Bildøen og Margaret Atwood.

Kva forhold har du til å stryke tekst?

I den andre jobben min har eg eit konstant uproblematisk forhold til det. Som forfattar kjem det an på kvar eg er i prosessen. Rundt språkvaskefasen er det til dømes heilt prima, ja reinsande, å kutte.

Les du andre forfattarar når du skriv?

 Ja, heile tida, lesing er uløyseleg knytt til skriving.

Kva synes du om norsk litteraturpolitikk?

Ho kunne tatt endå betre vare på dei mindre forlaga, og med det mangfaldet av utgivingar, men eg er glad for den norske boklova.  

Kva forventingar har du til medlemskap i Forfatterforeninga?

Fagleg fellesskap av skyhøg kvalitet.

Monica Bjermeland har gitt ut romanen 63 måtar å elske deg på (Samlaget, 2019).