Då Jon Fosse tok i mot Ibsenprisen

Dette huset, begynner skodespelar Gisken Armand, og ser frå scena til Nationaltheatret og over kongebalkongen, og oss som har kommet til teaterhuset for å heidre Jon Fosse….

Dette huset, begynner skodespelar Gisken Armand, og ser frå scena til Nationaltheatret og over kongebalkongen, og oss som har kommet til teaterhuset for å heidre Jon Fosse. I går, fredag 10. september fekk han Den Internasjonale Ibsenprisen og 2, 5 millionar norske kronar. Fosse gjekk av scena med ein gong, og utan å seie meir enn "takk". Då handla DnF-medlem og forfattar Anna Bache Wiig snart, og sprang etter han og ned til salen. Ho henta dramatikaren opp att. Utan tid til å førebu seg, måtte DnF-medlemmet gjennom fleire tiår, lage ein slags takketale:

 

Dette huset, som vi har kjøpt/ Dette gamle huset, fortsett Gisken Armand, som les frå "Nokon skal komme" av Jon Fosse. Anna Bache Wiig og Eirik Stubø presenterar Jon Fosse. Det er ikkje heilt sikkert kva dei seier, og kva vi, som i salen er, veit frå før. Men den korte utgåva av historia om Jon Fosse, er denne: 

Fosse er fødd den 29. september 1959 i Haugesund, og vaks opp i Hardanger. Han har hovudfag i litteraturvitskap, og debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med boka "Raudt, svart". Då var han allereie far, og har sia fått tre andre barn, gitt ut romanar, diktsamlinger, essay, dramatikk. Dramatikken hans er, som Stubø fortel frå scena i kveld, omsett til kinesisk, italiensk, tysk, tibetansk, bokmål, og eit uttal andre språk. Han er den tredje dramatikaren som får Den Internasjonale Ibsenprisen sia den blei oppretta i 2008. 

Klokka er ganske nøyaktig 18.00 når Jon Fosse kjem på scena, får prisen, og prøver å gå ned att med ein gong. Anna Bache Wiig lar han ikkje. Ho spring ned att til salen etter han, og må nesten dra han opp att, for å takke for prisen. Og han takkar, takkar alle oss, som har drukke med han "og preika" – og dei andre, som han ikkje kjenner, og som han ein gong skal drikke med "og preike". Han takkar for øla og snusen som han no kan kjøpe, og seier at han er glad i dei som står her, og glad i prisen, nei, seier han, rettar seg: glad for prisen. Men glad i at det er så helsikens mykje pengar også. 

 Og då får Jon sette seg, og Benedickte Maurset kjem på, svartkledd, kledd i høge hælar, ho som allle dei andre på huset denne kvelden, og speler for Jon i kveld. Eg kan ikkje hugse å høyre at ho fortel kva ho seier. Men eg hugsar å tenkje at Jon nok veit kva ho speler. At dette kanskje er noko ho har spelt heime i stova til Jon, under ei øving som ho har med dotter til Jon. Også ho, dotra, hardingfelespelar. Spelejenta på scena, Benedicte, sender Jon eit luftkyss, og så går ho. Og så ser vi Ibsenmaskinen, og eg tenkjer at eg mykje heller skulle ha sett eit stykke av Jon Fosse i kveld. "Ibsenmaskinen" er spekka av referansar til Jon Fosse. Det er artig, det. Men akkurat i kveld ønsker i alle fall denne sjåaren å sjå noko av prisvinnaren. Ikkje "Fossemaskinen". Den finnst.