Damaskus Oslo

Den same kvelden som norsk folkemusikk og internasjonal klassisk og samtidsmusikk møtast i universitetsaulaein, i avslutninga av 200-årsjubileet, skjer eit lite under av kulturell utveksling…

Den same kvelden som norsk folkemusikk og internasjonal klassisk og samtidsmusikk møtast i universitetsaulaein, i avslutninga av 200-årsjubileet, skjer eit lite under av kulturell utveksling i Forfatternes Hus, Rådhusgata 7:Foto: Mette Karlsvik Foto: Mette KarlsvikDet er i kveld det første møtet mellom norske og syriske og norske poetar – i Oslo. Ein skulle bare ete litt, snakke litt, bli kjente på den måten, vi DnF, og Lukman Derky, Sam, Ann, Anne, Inese, og eit titals andre nye venner. Men så drar Dury Bagdady fram gitaren, som han har med heile vegen frå Berlin, kor han er i eksil. Og allereie då, mens det framleis er restar av dagslys att i gatene utanfor, går eit par frå matfata sine og dansar. Det kan vere khigga, den mest populære folkedansen i landet. Men det er også noko anna der, noko meir moderne, chobi med disko-moves. Fint er det, og fleire blir rivne med, nordmenn, syrarar, ei latvisk kvinne. Anne Oterholm, leiar i DnF, var stolt over å ønske syrarane velkomne til Oslo, og til norsk-syrisk lyrikkveld på Litteraturhuset. Det har vore ei tid av usikkerheit: ville dei få visum eller ikkje? For bare ei veke sidan blei det klårt at dei fekk visum. Ikkje rart at den første kvelden blir ein fest. Og i morgon, laurdag 10. desember, held det fram med lyrikkverkstad på Forfatternes Hus frå 12, og festkveld på Litteraturhuset.