Aktuelt

Dansk entusiasme for Tusvik og steile fjell

Marit Tusvik er fødd og oppvaksen i Høyanger i Sogn, men bur og jobbar no i Oslo. Ho debuterte skjønnlitterært i 1979 med dikt –…

Foto: Espen Tollefsen

Marit Tusvik er fødd og oppvaksen i Høyanger i Sogn, men bur og jobbar no i Oslo. Ho debuterte skjønnlitterært i 1979 med dikt – og prosasamlinga Reisa til Mandarinlandet, og som dramatikar med Mugg i 1990. Både Mugg og Etter William, eit anna dramastykke, er filmatisert for tv. Sia då har ho gitt ut ei rekke diktsamlingar, romanar, umsetjingar og dramatikk for barn og vaksne. Den prisvinnande og talentfulle forfattaren har gitt ut ei rekke diktsamlingar, romanar og dramatikk for barn og vaksne, og har sjølv illustrert nokre av barnebøkene sine. Og no har også danskane for alvor fått auga opp for den norske forfattaren. Oktober kunne i går melde at Tusviks siste roman, Deilig er jorden, har fått strålande mottaking i Danmark.

Boka kom nyleg ut på dansk, og store aviser som Jyllandsposten skryt av boka: Marit Tusviks tindende beskrivelse av sin barndom ved steile fjell og vide fjorder. Hun gjør noe med språket som får assosiasjonene til å løpe. Hun kan springe fra overblikket til detaljen uten å miste den barnlige forundringen underveis. Hun kan samle kronologien samtidig med at forløpet gang på gang hugges opp i barnets ulogiske småstykker og merkverdige innsigelser (Henriette Bacher Lind)