– Vil Aschehoug kunne lage bok av, og gi ut det manus som terrortiltate Anders Behring Breivik skriv i fengselet no?
Om lag slik var spørsmålet frå journalisten i NRK Kulturnytt i går, som gjekk til sjef for skjønnlitterær avdeling i forlaget, Kari Spjeldnes.
– Eg kan vanskeleg sjå føre meg at vi gir ut ei slik bok. Men eg må svare på prinsipielt grunnlag, sa Spjeldnes, og svarte ja på spørsmålet. Ein lov frå 1867 kan gi rettssak og fengsling av fire forfattarar som las høgt frå Salman Rushdies Sataniske Vers. Samstundes med denne nyhenda, kom tidlegare i dag den frå Dagsavisen om ein lov som kan stoppe ei bok frå terrorsikta Behring Breivik. Den første veka i Dragens År står i ytringsfridomens teikn. Mens ein i Kina feirar det nye året, siglar India opp på sida av det som det mest folkerike landet i verda. Inntil vidare kallar India seg "verdas største demokrati". Men demokratiet kan denne helga ha svikta Salman Rushdie, og på den måten ytringsfridomen. Forfattaren avlyste i helga besøket sitt på litteraturfestivalen Jailitt i Rajahstaan, India. Ei fråsegn frå Rushdie er gjengitt av mellom andre The bookseller og norske Dagbladet:
– Eg er no informert av etterretningskjelder i Maharashtra og Rajasthan at leigemordarar frå underverda i Mumbai (tidlegare Bombay, red anm) kan vere på veg til Jaipur for å likvidere meg, seier Rushdie. I dag meldte fleire kanalar om at informasjonen som stoppa forfattaren kan ha vore fabrikkert av indisk politi. Det blir kalla indirekte sensur. Ein fekk også vite at fire forfattarar las frå Sataniske vers under festivalen, i solidaritet med Rushdie. Dei har no forlatt delstaten Rajasthan fordi ein lov frå 1867 forbyr høgtlesing frå ulovlege bøker.