Det farlege ordet skjønnlitterær

Klassekampens resymé frå helgas årsmøte i Den norske Forfatterforening kom ikkje med heile sanningi. Økonomiske vilkår for skjønnlitteratur er like viktig som før, noko applausen…

Eirik Ingebrigtsen

Klassekampens resymé frå helgas årsmøte i Den norske Forfatterforening kom ikkje med heile sanningi. Økonomiske vilkår for skjønnlitteratur er like viktig som før, noko applausen til fleire innlegg under møtet viste. DnF har ikkje, slik eg ser det, opna døra på gløtt for sakprosaforfattarane. Men vindauga er opne, og innanfor blir det jobba bra, sjølv om årsmøtet ikkje ville ta inn det farlege ordet skjønnlitterær i medlemskapsparagrafen. Ikkje i denne omgang.

For medan ein skjønn forfattar sovna bakarst i kroken, foreslo ein vaken Tor Obrestad at styret skulle handsama tematikken skjønn versus sak, ein runde til, i kommande års handlingsplan. Styret forsikra årsmøtet at dei vil handsama dette uansett, men forslaget om å få det formulert inn i handlingsplanen, velta altså det langt farlegare endringsforslaget til medlemsparagrafen som ville presisert at DnF er ei skjønnlitterær foreining. I staden heldt vi fram i god DnF-tradisjon (solidaritet mot ei ”svakare” gruppe!) og ga styret eit skyv på arbeidet med å kartlegga forholdet sak og skjønn der det altså skal luftast meir ut med og mot NFF, og der NFF på nytt vil bli utfordra på om dei har ein plan for sine såkalla ”frilansarar”, altså medlemmar av NFF som definerer seg som fulltidsforfattarar og som nyttar språklege verkemiddel i faktaprosaen sin som lånar frå skjønnlitteraturen.

Avstemming og vedtak frå eit årsmøte må også vektast med applaus frå salen, og det er eit meir saktegåande mandat og arbeidsro vi her ga styret i DnF. Applausen til nokre av innlegga anerkjenner uansett dagens DnF som ein riktig stad å vera for ein skjønnlitterær forfattar. Poeten kan framleis ikkje søka midlar til livets opphald frå eigen hjerne til å starta eller fullføra sitt manus. Men skal forfattaren skriva ei vitskapleg bok med arbeidstittel Hjernens historie kan han søka m.a. Goethe Institutt om reisestipend for å studera ein kjøpmannshjerne frå 1780-talet nedlagt på formalin i Solingen i Nordrhein-Westfalen. Før han har skrive ei linje (forutanom søknaden). Det finst sjangrar. Det finst ulike måte å jobba med tekst på. Og det finst sterke foreiningar som ser til at rettigheitshavar, individ og foreining, får tilbakeført midlar via for eksempel Kopinor og Biblioteksvederlaget. Dette arbeidet held då også fram.

Eit av dei tilapplauderte måla er at foreiningane ikkje skal gå i vegen for kvarandre og kjempa om dei same kronene. Då kritikarane fekk eit nytt arbeidsstipend i vinter var det nesten på bekostning av eit skjønnlitterært stipend. Her er det berre vakne og medvitne foreiningar som kan unngå slike kollisjonar og heller jobba for betre, friske og godt forankra pengar til litteraturfeltet, side om side.

Om styret i DnF gjer jobben sin i neste periode, kan dei visa Årsmøtet i 2012 ei lang og realistisk liste over korleis framtidas DnF kan sjå ut og ikkje bør sjå ut. Basert på fakta. Då kjem fleire til å ta ordet skjønnlitterær i sin munn.

Eirik Ingebrigtsen, skjønnlitterær forfattar og medlem av DnF