Aktuelt

– Det handlar om aukte marknadsinntekter

Hei kunstnar! Førre veke fekk du sannsynlegvis ein e-post med lenke til ei undersøking. Telemarksforskning er hyra av staten til å undersøke kunstnarøkonomi. Dette er…

(c) Telemarksforskning

Hei kunstnar! Førre veke fekk du sannsynlegvis ein e-post med lenke til ei undersøking. Telemarksforskning er hyra av staten til å undersøke kunstnarøkonomi. Dette er den andre store undersøkinga som blir gjort på dette feltet. Den førre vart presentert i 2008, og var om levekår, i utvida forstand. Årets undersøking er gjort av dei same folka, men på eit noko meir snevert område. No går det direkte på økonomi. Forskarane skal samanlikne kunstnargruppar, og m.a. sjå på den delen av inntekta som er stønad: Kva av denne inntekta kjem frå offentlege tilskot, og kva kjem frå private? Og er det forskjell i desse brøkane i dei ulike kunstnargruppane?

Vi oppmodar kunstnarar til å finne e-posten, og svare på undersøkinga. Vi vil samstundes gjere merksam på ein feil i e-posten. E-posten hevdar at Næringsoppgåva berre er aktuell for dei som har registrerte enkeltpersonsføretak. Dette er ikkje rett. Alle som har næringsinntekt, som forfattarar har, skal fylle ut næringsoppgåva. Det er uavhengig om dei har ENK eller ikkje. 

Bård Kleppe er ein av forskarane som jobbar med utgreiinga. Han er doktorstipendiat ved Høgskulen i Telemark, i sosiologi og kulturvitskap. Han studerer særleg skodespelarar sine kår. 

– Det liknar mykje på den undersøkinga som Telemarksforskning gjorde då, seier Kleppe: 

– Men mens den førre var meir om levekåra, skal denne vere meir om inntekta. Denne er mykje mindre, og er ein tredjedel av den førre. 

– Det er fleire mandat her. Eitt er det som utvalet, leia av Vigdis Moe Skarstein, forholder seg til. (Det ligg her.). Kva oppfattar du som essensen i mandatet?

– Som eg les det, handlar det mykje om aukte marknadsinntektar. 

– Det ligg i det at ein skal sjå på korleis ein skal styrke gruppa sin evne til å tene meir frå private kjelder. Det vil vere relevant å sjå på ulikskapen på kunstnargruppane.  Den nye regjeringa – og fridomsreformen – er tilstades her. Men det ligg ikkje i vårt, forskarane, sitt mandat å gjere noko vurdering. Vårt er primært å undersøke dagens situasjon.

– Ja, kva skal du og den andre forskaren, Knut Løyland, levere til staten?

– Vi kjem til å presentere ein rapport der vi seier mest muleg om dei ulike kunstnargruppene sin inntektssituasjon: Kva dei tener, kva kjelder dei tener, og om det er offentlege eller private. 

– Kva forhold har du sjølv, som forskar, til dette arbeidet? 

– Vi synest det er kjekt å jobbe med desse problemstillingane. Det ligg så tett på den akademiske feltet vårt. Men vi har vel vore litt kritiske til den harde tidsramma – både for vår del og for kunstnarane som skal svare til det. Men eg synest også at det er positivt at det er eit forskningsmilijø og ikkje eit konsulentmiljø som får dette. Uavhengig om det er oss eller andre, så har vi ei haldning til at metodar og alt skal få eit etterliv. 

– Kan du seie meir om etterlivet til materialet?

– Den førre undersøkinga har vi publisert fleire vitskaplege magasin. På den måten kasta den undersøkinga av seg mykje resultat på akademisk og høgare nivå. Det er eit mål at også dette arbeidet skal kaste av seg vidare forsking innanfor desse områda, som er kunstnarsosiologi og – økonomi. 

Ord og tal

Det skal ta mellom 20 og 40 minutt å fylle ut skjemaet. Svara dine blir så behandla av Kleppe, og Knut Løyland er samfunnsøkonom/ kulturøkonom. Løyland har publisert fleire arbeid – internasjonalt og nasjonalt på kunstnarøkonomi. Også Mari Heian er i arbeidsgruppa. Ho tar doktorgrad på kunstnarøkonomi. Alle tre har jobba på kulturfeltet før. 

– Blir det mykje tal og storleikar, eller også ord og mulegheit for det meir normative?

– Det blir mykje tal. Det vil vere nokre haldningsspørsmål om yrket. Men også desse vil gi kvantitative svar. 

– Skjema er sendt ut til 18000 kunstnarar. Jobbar de fulltid med dette framover? 

– Ja, det blir nok det. Det blir nok mykje jobb med det. Men eg, til dømes, skriv også på ein doktorgradsoppgåve som krev meg, seier Kleppe til slutt.