Tysdag 17. desember møtte Atef Abu Saif fleire politikarar på Stortinget for å fortelja om boka si og opplevingane frå Gaza, saman med sin norske omsettar og nære venn Vibeke Harper. Den norske Forfatterforening, ved styremedlem Oda Malmin, var også med på møtet, og me formidla til Abu Saif solidaritet med han og resten av våre palestinske kollegaer, slik årsmøtet også uttrykte i ei utsegn i mars.
Abu Saif blei sjølv fødd på Gaza i 1973, i Jabalia flyktningleir. Han bur til dagleg i Ramallah på Vestbreidda, men var i Gaza saman med sonen i oktober i fjor, då helvete braut laus. Han forsonte seg raskt med at han kom til å døy, men forstod at han var nøydd til å skriva om det som skjedde, så lenge han var i live. Tre månader seinare, rundt nyttår, kom han seg endeleg ut. Dagboka hans frå desse fyrste 85 dagane er nyleg kommen på norsk, med tittelen: Jeg vil være våken når jeg dør. Dagbok fra et folkemord.
På Stortinget møtte den palestinske forfattaren politikarane Hege Bae Nyholt og Bjørnar Moxnes frå Raudt, Rauand Ismail frå MDG og Ingrid Fiskaa og Marian Hussein frå SV. Det blei ein sterk samtale, fyrst og fremst om Abu Saifs eigne opplevingar, men også om behovet for kulturvern i Palestina, der alt frå arkeologiske stader og historiske hamner til moskear, kyrkjer, museum og bibliotek blir jamna med jorda i skrivande stund. «Det pågår ein krig mot minnet», sa Abu Saif mellom anna. Det er stort behov for både kartlegging og vern av det som er att av kulturminne i Palestina. På Gaza er det meste allereie fullstendig øydelagt.
Også språket og litteraturen blir påverka av krig: Inntil nyleg var Palestina ein av stadene i verda med lågast andel av analfabetisme. På Gaza kunne absolutt alle vaksne og unge lesa og skriva før Israels invasjon i fjor, fortalde Saif. No er skulane bomba, klasseromma vekke; mødrene lærer ungane alfabetet i sanden. Dei barna som veks opp no, vil ha heilt andre føresetnader for å ta til seg lærdom i framtida, både på grunn av store traume og på grunn av manglande undervisning. «Ein ny krig startar på mange måtar etter krigen, når landet skal byggast opp att», forklarte forfattaren.
Atef Abu Saif har gitt ut fleire bøker, og hans førre roman, A Suspended Life (2014), blei nominert til The 2015 International Prize for Arabic Fiction (IPAF), mens Under dronene, som handlar om dagane då Israel invaderte Gaza i 2014, blei kortlista til MEMO Palestine Book Awards 2015. Saif har òg inntil nyleg vore kulturminister for dei palestinske sjølvstyremaktene.
Saka er skriven av Oda Malmin.