– Det var journalistikk. Det blei litteratur, seier Tor Eystein Øverås.

Frå Internasjonalt Utvalg i DnF, til hælane på Ryszard Kapuscinski: Tor Eystein Øverås kom frå Bodø til Oslo i går. Han var ein innleiarane som…

Frå Internasjonalt Utvalg i DnF, til hælane på Ryszard Kapuscinski: Tor Eystein Øverås kom frå Bodø til Oslo i går. Han var ein innleiarane som tok oss gjennom forfattarskapen til den polske reiseskildraren. Trykk "les mer" for ein rapport frå Litteraturhuset.
Det har regna i hele dag. Men tjue på sju sluttar regnet brått. Vi legg i veg mot Litteraturhuset; vassar gjennom dammar på fortauet ved Ring 2, og hoppar over ein liten sjø ved Skyskraperhuset. Så er det slalom gjennom kryssa ved Uelandsveien, over St.Hanshaugen, og inn til eit fullsatt Wergeland. Klimaanlegget fungerar ikkje. Det dampar frå heite kroppar, frå innleggarar, og vel førebudd og tilsynelatande skjerpa ordstyrar: Bente Riise har samla eit strålande panel for å innleie om og diskutere Ryszard Kapuscinski: poeten, forfattaren med den journalistiske metoden. Kapuscinski har skrive bøker som "Imperiet", "Keisaren", "Sjahen", osv osv. Mattis Herman Nyquist les utdrag frå bøkene. Eit utdrag er lyrisk. "Eg"’et er utan tvil Kapuscinsky sjølv. I andre utdrag skriv han seg inn i kjenslene og tankane til objekta. Han gjer det i førsteperson, som "putebærar", og i tredjeperson, som ei flue på veggen. "Han er journalist. Men han blir forfattar", seier Tor Eystein Øveraas.

Før vi går vidare, skal vi presentere Øverås. Det første møtet mitt med mitt med han var i Mo i Rana, i 2005. Vi var på Nasjonalbiblioteket. Øverås fekk Havmannprisen for "Til: en litterær reise". Vi skulle ta same flyet sørover igjen etterpå. Vi satt på den same, vesle flyplassen. På det same, vesle flyet. Øverås leste sitt. Eg leste mitt. Eit par år seinare møtte vi kvarandre igjen. Øverås sa: Det virka som om du ville ha fred til å lese. Så eg lot deg lese."
Øverås veit vel kva det betyr å ha lesero. Han er litteraturkritikar for m.a. Klassekampen og Morgenbladet, og blei kåra til "Årets litteraturkritiker" for 2010. Han er også forfattar og reiseskildrar, mangeårig medlem i DnF, og med i Internasjonalt Utvalg.

Med det fortsetter vi reisen "i hælene på Kapuscinski", og til den etiske sida av skrivinga hans. Er det bare greit at han blandar dikting og sakprosa? Er det greit å bruke dei litterære virkemidla til ein så stor grad? "JA!" svarar innleiarane i panelet: Øverås, Sigrun Slapgard og Arne Melberg. Med hjelp av litterære grep, fekk Kapuscinski formidla store, viktige historier. Slik når når han ut til enno fleire, og andre, enn kva den ordinære journalistikken gjer det. "Den personlege journalistikken formidlar ei anna sanning", seier Sigrun Slapgård: "Dei lange tekstane, bokforma, kan komme til andre erkjenninger enn dei stutte."
Slapgard og Arne Melberg snakkar om forholdet mellom reportasjar og reportasjebøkene: Forfattarar reiser, og skriver reportasjar. Dei reiser, og skriver reportasjar. "I reiseskildringa, i boka, blir historiene skrive om att, og kunnskapen gestalta til noko med evig verdi. Men dette til tross", seier Slapgård, eller er det Melberg? Det er ikkje så greit å huske, gjennom ørska, gjennom varma og det dampande varme rommet. Men nokon er det, som seier dette: "Det finnes ingen absolutt litteratur, man kan aldri beskrive noe fullkomment, fullstendig/ Vi må forsone oss med at bøkene vi gir ut er ufullstendige/ Hver bok er en stor utilfredstillelse, et stort nederlag."
Ei hand i vêret. Ein frå salen seier: "Frå reiselitteraturen til gjenreiselitteraturen. Vi har ein tradisjon av reiseforfattarar Var det eit spørsmål der? spør ordstyrar Bente Riise. Det var ikkje det. Det var eit lite innlegg. Men det er greit. Det var Jo Bech-Karlsen, det der, reportasjenestor og talsmann for den nordiske reportasjetradisjonen: Den som har eit tydeleg "eg" som fortellar, og som aldri sår tvil i lesaren om kven som fortel, kva metodar han har, og kva ståstad han skriv frå. Og heilt sikker er eg på at Tor Eystein Øverås nemner Reiseskildringene som ein vanskeleg sjangar. "Det er langt mellom kvar god reiseskildring" seier han. Kva råd vil de då gi til dei som vil skrive reiseskildringer? spør ordstyrar Bente Riise. "Bestill aldri returbillett! seier Melberg. Slapgård seier det med Sigrid Undset: "Det er alt for lite levd liv i norsk litteratur. Skapp deg eit liv! Få møkk på støvlane!"

Og med deg går vi ut att, ut til Slottsparken, mellom tre og buskar som strekk seg og fangar dei siste dryss av vatn frå himmelen. Det har vore tørt lenge. Regnet som ramla i dag var sårt trengt. Den saftige, subjektive og lite sobre "sakprosaen" til Kapuscinski må vere høgt sett. Wergeland var meir enn fullsett. Det har eg midlertid sett før. Men då har forfattaren sjølv vore til stades. I kveld var tekstar levande til stades.