Møt nye medlemmer

«Det var noko mystisk og uutgrunneleg med å vere forfattar»

«Det var noko mystisk og uutgrunneleg med å vere forfattar». Det seier Odd Eirik Sætre Færevåg – nytt medlem i DnF.

Odd Eirik Sætre Færevåg. Foto: Sverre Skjold

Hvorfor ville du bli forfatter?

Eg var 20 år då eg bestemde meg. Mest fordi eg likte å skrive, håpar eg. Men også fordi det var noko mystisk og uutgrunneleg med å vere forfattar. Eg ville gjerne vere mystisk og uutgrunneleg.

Hvordan var din vei inn i forfatterskapet? Når og hvorfor begynte du å skrive?

Eg skreiv allereie på ungdomsskulen. Sikkert fordi eg las så mykje. Eg blei fyld opp av språk, heilt til det rann over. Før nynorskeksamen las eg fire romanar av Tarjei Vesaas på rappen, hugsar eg. Eg trur det var Fuglane, Isslottet, Vårnatt og Båten om kvelden. Det gjorde noko med ungdomen.

Hvilke forfatter har hatt størst betydning for ditt eget forfatterskap?

Sanneleg om eg veit. Tor Åge Bringsværd, kanskje? Eg hugsar eg sat i graset på taket heime og las Syvsoverskens dystre frokost. Alt er lov, lærte eg då.

Hvilket ord prøver du å unngå/bruke litt mindre?

Eg prøver å unngå ordet «plutseleg», av ein eller annan grunn. Men i forteljinga «Vere Feravågjen» glapp det: «Plutseleg fann han seg sjølv plutseleg rutsjande nedover noko som verka som ein plutseleg vassrutsjebane utan vatn plutseleg.» Eg er ingen purist.

Hvilket forhold har du til å stryke tekst?

Eg elskar å stryke tekst.

Kan du fortelle litt om skriveprosessen din? Hva må være på plass, hvordan kommer du i gang, hvor i teksten begynner du?

Fyrst får eg ein klår idè eller ein vag skriveimpuls. Så sett eg meg ned og skriv ei setning. Fyrstesetninga er ofte styrande for resten av teksten. Heldigvis er eg god på fyrstesetningar.

Leser du andre forfattere når du skriver?

Ja. For å sjå kva som går an. For å flette andre tekstar inn i min. For å sleppe å skrive.

Hva liker du å lese?

Eg likar å lese glasklår fagprosa, har eg funne ut. Tid av Carlo Rovelli, t.d. Eller Den blå tvålen av Sara Danius. Mimbo Jimbo bygger et fyrtårn av Jakob Martin Strid les eg ofte med ein unge i kvar armkrok. Eg kunne på eit punkt Sommerfugledalen av Inger Christensen utanåt, så det fyrste diktet derifrå dukkar ofte opp, til stor irritasjon for ungane. «De stiger opp, planetens sommerfugle,» deklamerer eg. «Pappa!», protesterer dei. Sånn er det. Men når livet er for strevsamt, kan eg jo alltids lese om igjen fyrste side av Ei vinterreise av Ragnar Hovland. Det funkar kvar gong.