Diktstafetten sprang i over eitt år. Han er ikkje trøytt. Diktkrefter framstår sjølvforsterkande. Poesien sluttar ikkje. Men vi må slutte. Redaksjonen må ta grep, ta grep over grepa, og la andre seriar få redaksjonskreftene. Det er i år DnFs 120. jubileum, vi har hatt regjeringsskifte, og DnFs medlemsantall stiger og stiger. Mange av dere er med på to viktige arrangementer som vi skal gjennomføre denne høsten; DnFs årlige medlemsmøte, og julemarkedet. Under det siste vil vi kåre Årets bokhandel, som medlemmene nominerer nå. Men ein siste diktar, ein førsteklasses diktar, litteraturvitar, forfattarintervjuar, som debuterte som poet i2009 på Kolon Forlag, og kjem med andreboka Forstillingsverket når den er ferdig. Samuelsen tar sikte på hausten 2014. Han bur for tida i Adrianstua i Ringvebukta i Trondheim. Om han blir der heile perioden han er tildelt, er han å finne i forfattar Kristian Kristiansens gamle kåk i fire år. Han skreiv mastergrad om buddhistisk påverknad på amerikansk etterkrigspoesi, og lagar no tidsskriftet Beijjing Trondheim i lag med Rune F. Hjemås. Diktet som han gir til DnFs spalte, har ei tydeleg bibelsk referanse. Når eg spør om dette er typisk for heile boka som kjem, då svarar han slik:
– Boka er delt i to. Forstillingsverket del 1 og 2 rammar inn ein seksjon som heiter Eksempelsamling. Frå denne delen kjem diktet som de publiserer her. Pasteralemotiva er sentrale. Om eg skulle vise deg noko anna, så var det dette:
Dette er Pastoralen. Vi lekte mellom trestammene til eføyen krøllet seg rundt anklene og drev oss ut i lyset. Sangen din ga gråten melodi mens jeg sørget over mislykket avling, dødfødte lam og fosterveske som trakk ned i røttene. Jeg lot hendene gli over hoftene dine, de skulle bære barna den dagen vi vokste ut av engene.
– Kan du seie litt meir om dette tema?
– Leiting etter ei symbolverd som kan bidra til å lappe saman eit språk som ikkje lenger fungerar. Leitinga skjer i religiøse tekstar og i sekulære. Skiljet mellom dei er ofte diffust.
– Kvifor Forstillingsverket?
– Det er snakk om ei språkleg forstilling, eit forsøk på å skrive seg inn i ein diskurs som eget i boka håpar skal gi meining til ei notidig relasjon. Forstilling er eit utdatert ord, og viser til eit sjølvbilde vi ikkje lenger praktiserer. Det blir framleis brukt ein del i Tyskland. Men der er dei jo meir bogarlege.
– Det har gått over fire år sia du debuterte som forfattar. Kvifor tok andreboka så lang tid?
– Det har vore noko rot dei siste åra. Eg skifta redaktør fire gongar. Det har ikkje losna heilt før no. Det endte med at eg gjekk til kompisen min Leif på Bokvennen. Det var lurt. No rullar det, og går. Alt innhaldet er der. Vi må berre snøre saman sekken, så å seie. Det har nok tatt meir tid fordi eg har vore kompromisslaus med denne boka. Eg har hatt ei klar kjensle på korleis eg vil at ho skal vere og då tar det meir tid. Eg rakk mykje anna i mellomtida. Eg har gjendikta ein heil del. Det stoffet står på vent. Det kjem ein del ting dei neste par åra. Eg er også i gong med å skrive ein ungdomsroman for Aschehoug. Eg fekk gode tilbakemeldingar på utkasta eg skreiv. Så det er jo litt gøy, da.