Musikkorps og duskedamer, megafonar og heliumsballongar! Sånn. Då har vi introdusert Håkon Øvreås (f. 1974) slik han nokre gongar drømmar om. Les meir om drømmaren og poeten:
– Kva vil du helst skal bli nemnt i presentasjonar av deg?
– Eg likar gjerne at nokon brukar ein leddsetning eller to på å seie at eg skreiv masteroppgåve om ein roman av Arild Nyquist. Ikkje så mykje for at eg skal smykke meg med slike leddsetningar, som for at eg ønskjer at dei som les eller høyrer skal bli minna på Nyquists fine forfattarskap, og spesielt at han også var ein fantastisk romanforfattar.
– Var ikkje det litt smålåte?
– Eg kjenner alltid ein motstand mot introduksjonar, av frykt for at eg må leve opp til noko. Det er sjølvsagt dagar eg draumar om musikkorps og duskedamer, flagg og tusen, raude heliumballongar, medan nokon ropar fantastiske ting i ein megafon. Men kven kan leve opp til noko slikt? Så om nokon berre seier noko enkelt som at eg er ein audmjuk mann med mange bein på jorda, er eg tilfreds med det.
– I diktprogrammet Diktafon trur eg at eit av kjærleiksdikta dine blei presentert som blant dei beste vi har. Kva tenkte du om det?
– At diktet mitt blei trekt ut som beste lyttardikt var i alle fall veldig hyggelig! Og at diktet fekk godord både av P2s litteraturmeldar Knut Hoem, og ”sexpirator” Cecilie Kjensli, er vel eit teikn på at diktet slo godt an i fleire leire.
– Dei er mange til å skildre deg som poet. Korleis vil du sjølv skildre dikta dine?
– Eg har vorte meir og meir opptatt av å skrive mindre og mindre originalt. Når eg ser på dei forfattarane som strengt tatt er originale, er det forfattarar som har skapt eigne sjangrar. Men eg er mykje dummare enn Shakespear, Cervantes, eller Montaigne og kan berre drøyme om å verte original.
Derfor prøver eg no å skrive så uoriginalt som eg klarar, utan at nokon skal legge merke til det.
– Eg les deg omlag dagleg gjennom Twitter. Eg er ikkje så sikker på om du lykkast med å skrive uorginalt! Det var ei stund at eg gjekk til din twitterflow kvar morgon for å sjå kva du hadde drømt. Kva tenkjer du at er forholdet mellom drauming og diktning?
– Eg tenkjer meg at draumar og dikt er to veldig ulike verder, men liknar i si måte den rasjonelle fornufta ikkje evnar å trenge gjennom og gripe ein endeleg meining. Når eg starta med å twitre draumar, var det fordi eg innsåg at det var det mest interessante eg hadde å seie nokon andre. Samstundes er det spanande å sjå om ein kan koke ned ein draum til 140 teikn, til ein nattas buljongterning.
– "drømte om et kor som sang teksten i en sakprosabok om Olav H. Hauge". Kva tenkjer du at er forholdet mellom poesi og humor?
– Arild Nyquist meiner ein plass at humor ikkje er ein motsetning til alvor, men til dumskap. Eg høyrer av og til folk som seier dei ikkje liker morosame dikt. Dei er med andre ord dumme. Humoren, om den er markert eller skjult, er alltid kopla til leiken. Om poesien er språkets sandkasse, kvar skal ein leike seg om ikkje her? På den eine, retoriske sida, er humor ein strategi ein kan bruke. Den kan avvæpne og lokke lesaren inn i teksten, mens andre grep får lesaren til å ville busette seg der. På den andre sida er humoren eit teikn på liv. Beviset på at teksten ikkje har blitt skrivi av ein maskin. All god litteratur er djupast sett morosam, og eg meinar ikkje då berre forfattarar som prøver eller vil vere artige. Døme: Eg kan ikkje lese Dante utan å fnise meg gjennom helvete.
– Kva er ditt kall i livet?
– Om eg ikkje akkurat har eit kall, så har eg i alle fall eit problem: Noreg er eit godt land å bu i. Vi har ein statsminister med si eiga and, og ein utanriksminister som går rundt naken med ein motorsag. Det er sjølvsagt sjarmerande. Men eg stussar ved at to slike menneske også sender bombefly til fjerne land. I seg sjølv er ein kvar forteljing som argumenterer for at nokon må døy, ei sinnsjuk forteljing, kanskje med unntak av ekstreme situasjonar der ein må forsvare seg. Problemet mitt oppstår når ein fyr som vimsar rundt med ei and, og ein naken mann med motorsag fortel meg denne historia og seier at drepinga er god og humanitær. Er ikkje dette dobbelt så sinnsjukt? Når eg høyrer kva dei seier, og attpåtil forstår deira argumentasjon, tenkjer eg at det er på tide å rette mistanken mot meg sjølv. Kan eg eigentlig norsk? Så problemet mitt er dermed eit slags kall: Eg skriv for å lære meg norsk. Kva seier eigentlig ein makthavar når han ber folket finne på namn til anda si? Kva prøvar ein minister å overbevise meg om ved å kle seg naken før han startar motorsaga? Slike ting må eg finne ut av.
DnF presenterer nye medlemmer № 12: Håkon Øvreås
Musikkorps og duskedamer, megafonar og heliumsballongar! Sånn. Då har vi introdusert Håkon Øvreås (f. 1974) slik han nokre gongar drømmar om. Les meir om drømmaren…