Tilbake til laurdag 21. mai. Arnfinn Kolerud (f. 1968) sitt ved skulebenken. På arket på pulten hans ligg brødmat av lyst mjøl. "Mjøl" er det som ein av karakterane i Koleruds siste bok, Når ein først skal skyte nokon heiar på. Bendik Uføre liker "mjøl":
Ein kunne støyte på Uføre i butikken, der han stod ikkje så langt frå mjølet og venta. Om det kom ein unge og greip ei pakke, sa Uføre: – Så du skal heim og bake med kveitemjøl? (…)Og framme ved den rette hylla stod det hvetemel på pakka. Når dei betalte og fekk att kvittering, stod det hvetemel også på den.
– Bendik Uføre er ein målsaksmann i den einaste staden i Norike kor nynorsk enno er hovudmål. Eg kan ikkje sjå at forfattarens sympati ligg hos Bendik. Eller gjer han det?
– Uføre er ein aktiv og ihuga fyr som vil ha siste ord. Han liknar ikkje så mykje på hovudpersonane mine frå tidlegare bøker. Dei har vore meir tenksame og stillegåande. Ein kritikar har sagt om siste romanen min at det er vrient å sjå om eg sympatiserer med nynorskingar eller gjer narr av dei. Det kan eg like. Eg vil vere solidarisk og utleverande på ein gong, svarar Kolerud.
– Kva er ditt forhold til nynorsk?
– Eg vaks opp i Romsdal med bokmål på skulen. Under ein norsktime på vidaregåande nekta eg å lese høgt fordi eg meinte nynorsk var "eit grautmål". Men kanskje eg berre ikkje likte å lese høgt? No trivast eg storfint med nynorsken. Og eg er glad for å vere i opposisjon. Dei politiske partia eg stemmer på samlar sjeldan meir enn 7 % av folket. Nynorsken samlar vel omlag 13 % i skulen for tida. Eg vil gjerne arbeide for at fleire skal skrive nynorsk, men det må ikkje bli for mange av oss. Helst ikkje over 30 %. Da mistar nynorsken litt av villskapen, svarar Kolerud, som debuterte som forfattar i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem. Sidan då har han gitt ut ei rekke bøker for barn og vaksne på Det Norske Samlaget. Pengane sine tener han først og framst som lærar ved ein barneskule i Sogn og Fjordane. Men i dag er han i klasserommet som elev. I eit år har Kolerud studert for å bli dramatikar. Studiet heiter "fordjupningskurs i dramatikk for barne – og ungdomsbokforfattarar. Han har gått i klasse med Samlagskollegaer som Marit Kaldhol, Rønnaug Kleiva og Odveig Klyva, og NBU-kollegaer som Iben Sandemose, Ingeborg Arvola og Anette Münch. Kurset blei avslutta kvelden i forvegen. Tekstar som dei har skrive under utdanninga blei vist frå scena på Dramatikkens Hus. Frå Koleruds seksti sider lange manus, las mellom andre Gisken Armand (Nationaltheatret) scener om revekikkaren Olsen:
– Revekikkaren er ein far. Dotter hans blir bekymra fordi han ikkje har "noko liv". Olsen blir tatt inn på rektors kontor. Kan du seie noko om korleis du brukar omgjevnadane dine og eigne erfaringar, t.d. frå yrkeslivet, når du skriv?
– Yrkesliv har eg lite av. Eg har vore pikkolo nokre veker og no er eg ufaglært norsklærar. I tillegg hugsar eg ganske dårleg. Frå ungdomen hugsar eg mest kjensler. Kor klam ein vart i handflatene av å vere 14. Målet med ungdomsromanane mine var vel å gjere lesaren like klam i hendene undervegs. Så eg er tvungen til å dikte og finne på, i staden for å hugse. Sjølvsagt tar eg utgangspunkt i eigne erfaringar. Eg kan f.eks køyre fort gjennom ein tunnel for å gå glipp av minst muleg av radioteateret. I ei fortelling ville eg i staden lete ein grinebitar råkøyre gjennom den same tunnelen for å høyre mest muleg av ein vever Sissel Kyrkjebø-song på andre sida. Men det er ikkje mange eigne opplevingar i bøkene mine. Blanke ark passar meg godt.
– Gjeld dette også i bøker som Når ein først skal skyte nokon?
– Ja, her har eg jo funne opp ein landsby på Nordvestlandet. Eg kan fylle landsbyen med dei personane eg treng. Om eg treng ein tjuvfiskerestaurant der, med meny på i-mål, så kan eg berre fingre litt over tastaturet, så står den der. Slike fortellingar lokkar gjerne fram 3. person-fortellaren også. Eg er ikkje så glad i eg og meg.
– Du har no skrive ferdig den første heile dramatiske einaktaren din. Samstundes blir du medlem i DnF. Kva tenkjer du deg sjølv mest som no – dramatikar eller prosaist?
– Prosaist. Dramatikken er enno berre ein lystseilas. Om ein dramaturg vender tommelen ned, kan eg trekke på skuldrene og luske tilbake til romanserien min. Men om nokon seier at eg ikkje kan skrive romanar, vil eg bli såra.
– Kva med identiteten som "romanforfattar" – heng han høgt hos deg?
– Eg vurderer ikkje romanar som viktigare enn dikt og noveller. Eg skulle gjerne skrive gode dikt. Men lynnet og temperamentet mitt tilseier at eg treng to hundre sider. Eg ser heller på maraton enn 100-meter. I romanen er det plass til bakevjer og avsporingar og pustepausar. Men helst ikkje utbroderingar.
– Du har vunnet ei rekke prisar for barne – og ungdomsbøkene dine. Til dømes har du fått Kulturdepartementets Debutantpris, Nynorsk barnelitteraturpris og Nynorsk kritikerlags barnebokpris. Bøkene som vann prisar har vore kalla "stillferdige", "poetiske" og har vore samanlikna med Tarjei Vesaas’ oppvekstskildringer. Er det lettare å vere stillferdig og litt alvorsam når du skriv for barn enn når du skriv for vaksne?
– Einar Økland skreiv i ei fråsegn at eg har poetisk lisens til å gå kor eg vil. Men eg går ikkje så støyande. Det er mange utanpå-historier for barn og unge. Eg skriv heller om ein gut som legg puslespel i lag med lampa. Og om kva han tenker på da. Tankar er alvorlege greier.
Du skriv ting som eg ville ha ledd av om eg var barn. Eg ler av dei no også. Kanskje meir. Tykker du at det er lettare å få vaksne, enn barn, til å more seg?
– Når eg les for vaksne, humrar dei gjerne. Når eg les den same teksten for unge, er det mykje stillare i rommet. Eg veit ikkje korfor. 14-åringar har kanskje ikkje så lett for å skratte av seg sjølv.
– Eg både skratta og ikkje skratta då eg las desse to utdraga frå den siste boka di:
Dette var det nærmaste eit menneske kom å lage fyrverkeri med sin
eigen kropp. Det var til stor trøyst for mennesket, som verken kunne
flyge som fuglane eller lyse som stjernene, at det i alle fall kunne
reise seg brått, klappe og plystre og rope "Bra" eller attpåtl "Bravo".
og der kor du skriv om det norske luftforsvaret (og her om lyden av jagarfly):
– (…) Lyden gjer meg tryggare
– Det meiner du ikkje.
– Jo, sa han.
– Om det er lyden som gjer deg trygg, kan eg få nokon til å gå opp på loftet og trekek det store klesskåpet over golvet.
Mannen svarte ikkje. Han opna kjøleskåpet, knekte seg ein bit sjokolade og vart ståande og sjå bort på kaia (…)
Kva tenkjer du om forholdet mellom det meir poetiske og det meir satiriske og artige?
– Hmmm, ja, når du seier det. Og etter at eg har skrive det, tenker eg sikkert "fy flate, det var poetisk. Jaggu bra at eg fekk dempa det med litt humor".
– Kva forhold har du til ironi?
– Ein del av 7. klassingane eg er vikar for, har allereie vakse meg over hovudet. Det er dei kry av. Dei kjem bort til meg for å måle høgda. Som svar krev eg at dei tiltalar meg som Store Høvding når dei rekk opp handa og spør etter hjelp.
– Eit av dei mest brukte aproposbanda under sleppefester i det litterære Noreg har dei siste åra vore Polka-Bjørn og Kleine Heine. Eg vil tru at også du har sett dei. Nokre gongar tenkjer eg på dei når eg les ting som du har skrive. Eg veit aldri heilt når dei er djupt alvorsame og når dei tøysar. Kan du skjønne samanlikninga?
– Nei, desse banda er ukjente for meg. Eg bur oppunder fjell langt vestpå og er sjeldan på sleppefest. Men det må ha med å gjere at vi er redde for å vere for poetiske og for alvorlege og for sinte. Da blir det så lett å parodiere og drive ap med oss. Så vi apar litt med oss sjølve, seier Kolerud, og kostar smular frå bordet og ned på eit ark. Han brotstykke av brødet ligg att. Det var baka av mjøl frå pakkar som det sto "hvetemel" på.