DnF og Litteraturfestivalen på Lillehammer vil i år, som i 2010, samarbeide om Bokbuffeens Festivalmarknad. Marknaden vil finne stad på Sigrid Undsets plass torsdag 31. mai frå 11.00-17.00.
Bokbuffeen er ein nettstad, www.bokbuffeen.no, utvikla av Den norske Forfatterforening der forfattarane kan selje bøker som ikkje lenger er i sal i bokhandel. Altså bøker som forfattar har overtatt restlager av.