Edmund Austigard tek over som direktør for Det Norske Samlaget. Det offentleggjorde forlaget i dag. Etter at Tove Lie gjekk av som direktør i byrjinga av året, har Tom Skovdal frå utdanningsavdelinga til forlaget vore konstituert direktør. Austigard er forfattar av to romanar. Han kjem frå stillinga som adm.direktør i Den Norske Bokdatabasen og også Bokskya. Starttidspunkt er ikkje avklart, men vert seinast 1.1.2012, skriv forlaget i ei pressemelding.
Austigard gler seg til å starte som forlagsdirektør: – Eg er stolt og glad, og ser fram til å leie eit av Noregs viktigaste forlag i ei spennande tid for bokbransjen.
Styreleiar i Det Norske Samlaget, Kristin Bjella, seier dette om valet av Austigard som ny direktør:
-Styret har hatt ein god prosess med fleire kandidatar å velje mellom. Edmund Austigard utmerka seg etter kvart som det opplagt beste valet. Han har slik styret ser det dei beste kvalifikasjonane, og inngåande kjennskap til bokbransjen. I tillegg til det nemnte utmerkar Austigard seg også ved å vere skjønnlitterær forfattar, økonom og aktiv nynorskbrukar.
Det skriv Bok og samfunn.
(Foto: Jarle Vines)