Edvard Hoem: Mange rom, opne dører i samtidslitteraturen

Dei framståande saksprosaforfattarane Ivo de Figueiredo og Morten Strøksnes fortalte nyleg i Aftenposten at dei vart avviste utan realitetsvurdering da dei søkte medlemskap i Den norske Forfatterforening.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at forfattarar av faglitterære bøker som legg vekt på den kunstneriske utforminga av sine verk og som deler frilansarens usikre kår med dei skjønnlitterære forfattarane, finn det krenkande at dei ikkje kan bli vurderte på individuelt grunnlag når dei søker medlemskap i Den norske Forfatterforening.

Edvard Hoem

Det er ikkje vanskeleg å forstå at forfattarar av faglitterære bøker som legg vekt på den kunstneriske utforminga av sine verk og som deler frilansarens usikre kår med dei skjønnlitterære forfattarane, finn det krenkande at dei ikkje kan bli vurderte på individuelt grunnlag når dei søker medlemskap i Den norske Forfatterforening.
Men paradoksalt nok blir innlegget deira i Aftenposten 26. januar 2010 eit talande vitnemål, ikkje om manglande generøsitet i Den norske Forfatterforening, men om at Norsk faglitterær forfatterforening (NFF), med sine enorme ressursar, ikkje greier å vera fagforeining for dei framståande sakprosaforfattarane som ønsker å utvikle seg som heiltids forfattarar.
NFF er ein organisasjon med ei anna ånd og av eit anna slag enn Den norske Forfatterforening. Der skal ein først og fremst ta vare på interessene til hundrevis av akademisk tilsette skribentar og folk som i alt vesentleg livnærer seg i andre yrke.
I pressa har det vore gjort eit stort nummer av at Den norske Forfatterforening driv med kvalitetsvurdering og sjangervurring av dei forfattarane som søker om medlemskap. Kor lenge kan ein oversjå at Norsk Faglitterær forfatter- og oversetterforening sjølv har sjangervurdering og kvalitetsvurdering som grunnleggande prinsipp for medlemskap? Det hjelper ikkje der om ein forfattar har tretti eller førti gode romanar på merittlista! For å bli medlem av NFF må den som søker opptak like fullt legge på bordet minst hundre sider kvalitetssikra sakprosa, og først når denne kvalifikasjonen er gjennomgått og akseptert, blir ein funnen verdig som medlem!
Når enkelte forfattarar, som underskrivne, er medlemmer både av DnF og NFF, er det altså fordi vi har kvalifisert seg på to ulike litterære område, etter sjangervurdering og kvalitetsvurdering to gonger!
Likevel held journalistar og politikarar fram med å gå til angrep som om Den norske Forfatterforening dreiv med ei særleg motbydeleg og uakseptabel form for eksklusivitet.
Alle som kjenner situasjonen frå innsida vil vera samde om at dersom Den norske Forfatterforening skulle legge bort kvalitetsomsyn og sjangervurdering, ville organisasjonen gå i oppløysing, eller i alle fall skifte identitet, ved at eit fleirtal av dei skjønnlitterære medlemmene ville forsvinne! Dei skjønnlitterære forfattarane kjenner seg ikkje først og fremst som skribentar. Dei vil framfor alt, anten dei er gode eller mindre gode, vera kunstnarar som uttrykker seg gjennom språket.
Derfor har dei også vanlegvis størst samkjensle med andre kunstnarar, målarar og komponistar.
Ingen organisasjon kan halde oppe si slagkraft dersom medlemmene ikkje har eit felles fagleg grunnlag å identifisere seg med.
Den gjeldande medlemspraksisen i Den norske Forfatterforening har røter tilbake til 1890-åra, med eitt einaste avvik: Da Forfatterforeningen av 1952, som oppstod på grunn av bitter strid om rettskrivingsspørsmål, i 1966 var samanslått med Den norske Forfatterforening, stilte forhandlarane for den førstnemnde eitt krav som var ufråvikeleg: Alle medlemmer av utbrytarorganisasjonen frå 1952 skulle få bli med heim til moderhuset!
Dermed fekk Den norske Forfatterforening ein del medlemmer som ikkje var skjønnlitterære forfattarar, men skribentar som når det gjaldt språksyn stod nær medlemmene av 52-organisasjonen. For å legitimere inntaktsgrunnlaget for desse medlemmene kom det inn ein passus i lovene om at skrivande menneske med “kunstnerisk formende evne”(unntaksvis) kunne bli med i Den norske Forfatterforening. Slik kom også ein del nye akademikarar inn i organisasjonen, og “gylne pennar”, som dreiv med utstrekt publisistisk verksemd.
Ved inngangen til 1970-åra vart tydeleg for alle at det eksisterte ein djuptgåande interessekonflikt mellom dei som ville at Den norske Forfatterforening skulle vera ein for litteratar og skjønnånder, og dei som ville gjera Den norske Forfatterforening til ein effektiv fagorganisasjon, som skulle gå i forhandlingar med Staten om fleire kunstnarstipend og garantiinntekter, og om vederlag for bruk av litteraturen i biblioteka.
Denne kampen fekk stor drahjelp av Kunstnaraksjonen av 1974, som mobiliserte tusenvis av kunstnarar både bak desse krava, og eit krav om meir utstrekt bruk av kunsten og litteraturen i samfunnet, først og fremst i skoleverket. Samtidig gjennomførte ein både i DnF og andre kunstnarorganisasjonar det solidaritets-prinsippet, som innebar at ein god del av dei vederlagsinntektene som den totale bruken av litteraturen i samfunnet tilførte medlemmene i DnF – ikkje skulle delast ut på individuell basis, men omgjerast til stipend for medlemmer med høgt kunstnerisk nivå, som ikkje kunne leva av salsinntekter aleine.
Med tida vart det meir og meir klart at soldariteten var mest innlysande for dei som hadde same objektive grunnlag for sitt forfattarskap, og passusen om medlemmer med “kunstnerisk formende evne” forsvann ut av vedtektene.
Det er på høg tid at ein diskuterer korleis ein kan sikre dei andre frie forfattar-stemmene som er eit så markert innslag i dagens norske kulturliv. Det må finnast ei løysing som kan sikre dei. Ja, det er kan hende det viktigaste av alt: å forstå kor avgjerande det er at ein nettopp har frie stemmer, folk som satsar utan ryggdekning, som er uavhengige, som ikkje er underlagt nokon annan lojalitet enn det å ha mot til å snakke sant og plikt til å yte det yttarste i sin skrivekunst.
Dei frie stemmene burde organisere kanskje organisere sitt eige fellesskap. Det kan godt vera mange rom, men det må finnast frie stemmer og vera opne dører i samtidslitteraturen.
Edvard Hoem
(Innlegget ble første gang publisert i Klassekampen og er gjengitt med forfatterens og avisens tillatelse)