Under Kulturdepartementets pressekonferanse den 4. oktober, blei det offentleggjort at Edvard Hoem (f. 1949) får statstipend. Utmerkinga går inn i ei rekke som byrja med Sunnmørsprisen og Kritikerprisen i 1974, fortsette med Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts Fond, Aschehougprisen, Nynorskprisen, Doblougprisen, Ibsenprisen, og så vidare. Hoem har skrive eit titals romanar, teaterstykke, sakprosabøker. No jobbar han med det hittil største historieverket om Bjørnstjerne Bjørnson. Romanen Mors og fars historie skal ha vore den skjønnlitterære boka som er mest utlånt i folkebiblioteka. Hoem har også 11 salmar i forslaget til ny salmebok. Dei er nok medvirkande grunnar til at nettopp Hoem no var valt til stipendiat. Det finnst ikkje noko skriftleg grunngjeving frå Kulturdepartementet. Dagbladet siterar statsråden på dette:
– Du har en mangfoldig produksjon, det finnes vel knapt en sjanger du ikke har vært innom. Din formdling rundt i Norge bidrar til innblikk i norgeshistorien for så mange.
Slik forklarar Statsstipendiaten sjølv utmerkinga:
– Kulturminister Anniken Huifeldt kom med ei rekke grunnar da eg fekk melding om statsstipendet. Eg veit ikkje om det står i eit kapittel i statsbudsjettet, men det ho drog fram, var det skjønllitterære forfattarskapet og det biografiske med spesiell vekt på Bjørnson, men ho nemnde også boka om Nordahl Grieg. Vidare streka ho under det allsidige ved min innsats, nemnde operaen på Steinvikholm, Olav Engelbrektsson, som eg har skrive librettoen til, og som i følgje henne er den norske operaen gjennom tidene som har hatt det største publikum.
– Nemnte ho noko utanom det skriftlege?
– Ho nemnte formidling. Ho har høyrt fleire av mine Bjørnson-foredrag og konstaterte at dei var forskjellige frå gong til gong. I fjor hadde eg 110 Bjørnsonforedrag, og det takka ho spesielt for på Bjørnson festivalen.
– Kva av dette trur du at gjorde utslaget for stipendet?
– Det veit eg ikkje. Eg er uhyre glad for dette, og ser fram til fem år (stipendet varer ut 2016), da eg kan seia nei til alt som er presserande og konsentrere meg om det som er viktig. Bjørnson vil ta tre kvart år til, men eg reknar med å ha ferdig band IV i 2012. Deretter tilbake til skjønnlitteraturen.
– Blant dei andre som allereie får statsstipend, er Thorvald Steen og Knut Ødegård, karar som eg skjønner at du kjenner. Kan dei ha framsnakka deg også?
– Eg kjenner både Thorvald Steen og Knut Ødegård, men trur ikkje at nokon av dei har vore inne i denne prosessen. At Ellen Horn, Georg Apenæs, Ottar Grepstad og biskop Thor B. Jørgensen skreiv under, trur eg derimot har hatt avgjerande vekt. Mest størst ære av alle bør forleggaren min, Geir Berdahl få, det var han som drog det heile igang.
Klipp frå generelle skriv om statsstipend (Kap. 321, post 01 dekker kostnadar for statsstipenda):
Pr i dag er det 30 statsstipendiater i ordningen, hvorav 7 kvinner og 23 menn (ikke medregnet de to nye kandidatene for 2012). Nye statsstipendiater plasseres på lønnstrinn 48, p.t. 391 300 kr. Statsstipendordningen forvaltes av KUD i samarbeid med KD. Vurderingen av nye kandidater fordeles mellom de to departementene etter hvilket fagfelt kandidatene tilhører. Følgende tre holdepunkter blitt lagt til grunn for vurderingen av søknadene: 1. Kandidatens jobbsituasjon, jf. retningslinjene som sier at et statsstipend er en støtte til personer som ”på grunn av arbeidsområdet eller manglende formell kompetanse har begrensede muligheter til å få stillinger ved vitenskapelige institusjoner eller kulturinstitusjoner”. 2. Kandidatens økonomiske situasjon. Kandidater som faller mellom to stoler jobbmessig og som derfor har problemer med å skaffe seg alminnelig inntekt prioriteres. 3. Arbeidsområdets nasjonale interesse. Statsstipend gis i utgangspunktet ikke til kandidater med prosjekter av lokal eller begrenset nasjonal interesse. Fordeling av statsstipender på kultur-/fagfelt pr 2011 Det er ønskelig at statsstipendiatene representerer bredde innefor kultur- og forskningsfeltet.
Statsstipendiatene som er med i ordningen pr 2011 fordeler seg hovedsakelig på følgende kultur-/fagfelt* (mange er tverrfaglige):
– Litteratur, inkl. dramaturgi og oversetting (13)
– Forskning/akademia (8)
– Musikk/folkemusikk (4)
– Kulturarv/kirke (2)
– Billedkunst (1)
– Tekstilhåndverk (1)
– Fotografi/film (1)
*Antall stipendiater i parentes