– Eg takkar DnF sine medlem for at eg er i live, seier Normando Hernández Gonzalez

Då DnF gav Ytringsfrihetsprisen til Normando Hernández Gonzalez, sona han ein dom på 25 år i eit fengsel på Cuba. I juli blei han frisett,…

Då DnF gav Ytringsfrihetsprisen til Normando Hernández Gonzalez, sona han ein dom på 25 år i eit fengsel på Cuba. I juli blei han frisett, og er kommet til Spania.

– Nokre gonger går det bra! seier Anne Oterholm, leiar i Forfatterforeningen. – Det var utruleg godt å høyre om løyslatinga og at han no får medisinsk behandling i Madrid, seier ho. 

 DnF-styremedlem og leiar i internasjonalt utval, Henrik Hovland, og DnF-leiar Anne Oterholm. 

 

<!–break–>

 

Nokre triste historier, og ei gladhistorie: Han som vann Ytringsfrihetsprisen i fjor, Dawit Isaak, sitt framleis fengsla utan lov og dom i Eritrea. Anna Politkovskaya fekk Ytringsfrihetsprisen i 2002. Tre år seinare blei ho funne skoten i en heis i Moskva. Men nokre gonger kan det altså, som Anne Oterholm seier, gå bra. For eit par år sia skreiv vi, her på heimesida, om Ytringsfrihetsprisvinner Yehude Simon Munaro. Han fekk prisen i 1999, av dåverande formann i foreninga, Karsten Alnæs. Munaro satt i fengsel i Peru då. Nestan ti år seinere (2008) ble Munaro statsministar i Peru. Den andre historia, som også har tilslag av godkjensle, handlar om Normando Hernándes Gonzalez. Han var alvorlig sjuk, og nær ved å omkomme, i cubanske fengsel. Men frå i sommar av har han budd på eit asylmottak i Spania med familien sin. Og bare ein liten månad etter løyslatinga, har han blitt ein viktig stemme i det Europabaserte eksilmiljøet.

Ytringsfrihetsprisen: Til 100-årsjubileet sitt i 1993, fekk Den Norske Forfatterforening ei gåve frå Kulturdepartementet. Gåva var ei årleg tildeling på 100000 kroner. Pengane skulle gå til ein ytringsfridomspris. Sia då har prispengane gått uavkorta til ein skrivande person som viser mot, og som skriv godt eller på andre måtar uttrykker seg klårt, og som jobbar for ytringsfridom og toleranse.

Normando Hermández Gonzalez, som var nevnt i ingressen, fekk prisen i 2009. Her er den korte utgåva om historia hans: Normando var ein av 75 kjente opposisjonelle som etter summariske rettargangar blei dømt til lange fengselsstraffer. Dette skjedde våren 2003. Desse månadane, i Cuba, er kalla ”den svarte våren”. I 2009 hadde Normando sona seks år av ein dom på 25. På seks år hadde han fått ei rekke sjukdommar. Han ville nesten gi opp, då Anne Oterhom ringte han og fortalte han at han hadde fått DnF sin ytringsfridomspris. Ikkje bare det: DnF var i kontakt med cubanske myndigheiter, og oppmoa dei til å sette han fri på eit humanitært grunnlag.

Eit år seinare vitja bistandsministar Erik Solheim Cuba. Solheim hadde samtaler med utanriksminstaren på Cuba; Bruno Rodriguez. I samtalene bad Solheim om at Normando Hernandez blei frisett på eit humanitært grunnlag. To månadar etter Solheim sin samtale med Rodriguez, i juli 2010, var Normando ein av fleire samvitsfangar som blei løyslatt etter forhandlingar mellom myndighetene på Cuba og den katolske kirken. Sammen med flere andre løslatte fanger og familiene deres ble han sendt i eksil til Spania. DnF, ved Henrik Hovland, reiste til Madrid for å møte Normando. Hovland, som er leiar i det internasjonale utvalet til foreninga, dro for å finne ut korleis det sto til med Normando, og for å høyre om det var noko DnF kunne gjere for å hjelpe ham og familien. Han fekk også sjansen til å informere om at norske myndigheiter hadde sagt seg villig til å ta imot Normando og andre frigjevne samvittigheitsfangar fra Cuba.

Den lange utgåva av historia (for dei som er særskilt interesserte): Historia om Normando og dei andre opposisjonelle, begynner sjølvsagt med  Fidel Castro. Han kjem til makta på Cuba i 1959. Med økonomisk, militær og annan støtte frå Sovjetunionen og den gamle Østblokka bygger han ein kommunistisk eitparti-stat. Radio og TV er statsstyrte. Opposisjonell virksomhet er ulovlieg. I 1989 ramlar murar mellom aust og vest i Europa. På Cuba er kommunistane framleis ved makta. Sjølv ved årtusenskiftet, er Cuba eit autoritært styre. Dissidentar lagar kampanjar for politisk endring. Normando Hernández Gonzalez, til dømes, skriv kritiske artiklar om skulesystemet og helsevesenet på Cuba. Han kjem frå ein enkel sukkerarbeidarfamilie, og har ingen universitetsutdanning. Han er sjølvlært. Han får artiklane publisert i illegale aviser på Cuba og i utlandet. Etter kvart blir han ein leiarfigur for opposisjonelle i provinsen Camaguey midt på øya.  Så kjem altså "Den Svarte Våren". 75 opposisjonelle blir fengsla. Dei er poetar, økonomar, journalistar, bibliotekarar og menneskerettssaktivistar. Alle blir dei skulda for åvere leiesoldatar for USA. Dei blir sett i fengsel lengst mogleg unna familiane sine. Slik får dei sjeldnare besøk. Normando får ein dom på 25 års fengsel på grunn av dei systemkritiske artiklane, for å ha organisert andre uavhengige journalister, og for å hjulpet til med å organisere eit ”uavhengig bibliotek”, ei privat boksamling med bøker til utlån, i stua heime hos ein annen opposisjonell i provinsbyen Camaguey. Myndigheitene meiner flere av bøkene har eit ”subversivt tilsnitt”. Dei mener også dei kan stadfeste at Normando er ein agent for USA. Grunnane dei gir er at han har motteke honorar for artiklar han har skrive frå ei nettside drive av eksilcubanere som i tillegg til å basere seg på dugnad og innsamla middel også har motteke pressestøtte frå ein demokratistifting som i sin tur er finansiert av den amerikanske Kongressen. I fengselet blir Normando slått med gummikøller. Han blir kasta ned trapper. Frå fengselet smuglar han ut dikt og artiklar om tilhøva, noko som gir han enno dårlegare soningsforhold. Han må bu med  tuberkuløse fangar og blir smitta, men utveklar ikkje sjukdommen. Seinare blir han sett i lag med ein psykotisk, valdsdømt fange som tar kvelartak på han mens vokterne står og ser på. Det er så vidt han unngår å bli drepen. Mishandling, og dårleg mat – og hygiene gjer Normando tynn og sjuk. Mykje av tida er han i isolat. Han søv på betonggolv, i avføringa si. Han veg 52 kilo no, og er svekka. Han har problem med å halde seg oppreist. Han fortel seinere at kroppen er i ferd med å gi opp. Han er langt nede fysisk og i perioder også psykisk. Det er på denne tida at han får vite at Den Norske Forfatterforening har bestemt seg for å gi ham Ytringsfrihetsprisen. Det sitt nokon og tenkjer på han – i Norge!har han seinare fortalt at han har tenkt.  

Anne Oterholm og Henrik Hovland reiser til Cuba våren 2009 og vitjar familien til Normando. Reisa har som mål å informere dei om prisen, og overrekke nokre gåver: Dei har med medisiner, såpe og myggmiddel, ei oppblåsbar pute, eit teppe som både varmer og holder mygg og utøy unna, notisblokker og skrivesaker, og nokre bøker. Normando får behalde dei fleste av gåvene. Ikkje minst veit han at han er sedd.

Anne Oterholm seier om turen:

– Det var naturlig nok et veldig sterkt møte. Vi satt  i en mørklagt liten leilighet langt ute på landet mens konen hans fortalte oss om både sitt eget og Normandos liv, før og etter fengslingen. Tilfeldigheter gjorde at Henrik fikk snakke med Normando på telefon fra fengselet. Denne telefonsamtalen gjorde naturligvis også besøket veldig spesielt, seier Anne. Henrik Hovland legg til:

– Det betydde mye for Normando å vite at utlandet fulgte med på situasjonen hans, seier Henrik,

– at han ikkje var glemt. Henrik sitter i styret til DnF og koordinerar arbeidet i Internasjonalt Utvalg. Utvalet er ei gruppe av medlem frå DnF som sammen leitar opp aktuelle kandidatar til Ytringsfrihetsprisen, og researcher og diskuterar dei. Dei har adskillige rundar på kvar kandidat. Det er mange rundar, og mykje kvalitetssikring, før dei til slutt vel ut ein kandidat, men det er styret i DnF som tar den endelige avgjørelsen. I 2008 blei det altså Normando Hernández Gonzalez.

– Då jeg møtte ham i Madrid nå i sommer virket han fysisk redusert men full av vilje og glød, forteller Henrik. I avisen El Pais var han omtala som ein av dei to viktigaste samvitsfangene i gruppen av 75 opposisjonelle, og verdspressa stod i kø for å intervjue ham. Det var meir enn hundre journalister på pressekonferansa, og kontrasten til å sitte på isolatcelle må ha vore stor. Han møtte også nære familiemedlemmer han ikkje hadde sett på 8 år. Likevel tok han seg tid til fleire lange samtaler med Hovland.

– Han framstod som politisk oppdatert og nyansert. Til tross for alt han hadde opplevd virket han ikkje bitter, snarere ydmyk som person, men med sterk integritet og mental styrke. Kort sagt: et usedvanlig menneske, seier Hovland.

Og livet, det takkar Gonzalez medlemma i DnF for:

– Normando ville helse medlemma i DnF med denne meldinga: Det er mange som har støtta han. Men nordmennene har vore særskilte. Han sier prisen hadde enorm betydning for ham. Han takkar Forfatterforeningens medlemmer for at han lever, seier Hovland, som tror prisen kom på akkurat riktig tidspunkt. Henrik vil takke statssekretær Gry Larsen i UD og Bistandsminister Erik Solheim for den interessen de har vist for Normandos skjebne.

– Kva rolle ytringsfridomsprisen speler for Normando – og andre prisvinnarar? spør vi. 

–     Ytringsfrihetsprisen spiller truleg ganske ulike roller for dei som får den, seier Anne Oterholm.

– For Normando, som fekk vite at han hadde fått den (ikkje alle som sitt fengsla får vite det) betydde prisen sannsynlegvis vissheita om at han ikkje var glømt av verda: At det var folk der som jobba for at han skulle bli sett fri. Sannsynlegvis satte den rett og slett mot i ham! Ytringsfrihetsprisen peiker også ut områder i verda kor ytringsfridom har dårlige kår i det store og det heile. Den viser makthavere at heller ikkje dei er glømte, seier ho. 

 

 

DEN NORSKE FORFATTERFORENINGS YTRINGSFRIHETSPRIS (THE NORWEGIAN AUTHORS’ UNION’S FREEDOM OF EXPRESSION PRIZE)

Lista viser når, og til kven prisen er gitt. I parantes står nasjonaliteten til prisvinnaren, og kva rangering dette landets har på Reportere uten Grenser (RSF) sin liste over ytringsfridom i ulike land. Dawit Isaak, som vann prisen i fjor, er frå (Sverige og) Eritrea. Eritrea er heilt nedst på lista. Eritrea har blitt vurdert som nr. 175 av dei 175 rangerte landa.
1994 Izzat Ghazzawi (Palestina: 161/ 175)
1995 Ismail Besikci (ville ikkje ta i mot prisen sjølv. Den ble derfor gitt til organisasjonen Insan Haklari Dernegi (v/Akin Birdal) (Tyrkia: 122/ 175)
1996 Joar Tranøy (Norge: delt 1/ 175)
1997 Wole Soyinka (Nigeria: 135/175) &
Yasar Kemal (Tyrkia: 122/175)
1998 Axel Jensen (Norge: delt 1/ 175)
1999 Yehude Simon (Peru: 85/ 175)
2000 Zemljko Kopanja (Bosnia/Serbia: 62/ 175)
2001 Amoz Oz (Israel: 93/ 175)
2002 Anna Politkovskaja (Russland: 153/ 175)
2003 Pramoedya Ananta Toer (Indonesia: 100/ 175)
2004 Ragip Zarakulo (Tyrkia: 122/ 175)
2005 Tsegaye Gabre-Medhin (Etiopia: 140/ 175)
2006 Simin Behbahani (Iran: 172/ 175)
2007 Tsering Woeser (Tibet/Kina: 168/ 175)
2008 Normando Hernández Gonzáles (Cuba: 170/ 175)
2009 Dawit Isaak (Eritrea/Sverige: 175/ 175)
16 / (17) priser tilsaman, fordelt på denne måten mht verdsdelar: Europa: 6/16 (17)Asia: 6/ 16 (17)Afrika: 3/16Amerika: 2/ (17)16Oseania: 0