Ein stort forfattarskap feira

Sjølv om ein ikkje kjøpte bøker  i alle fall ikkje skjønnlitteratur og ikkje til full pris,  så kjøpte Nils-Øivind Haagensen  Stempler –  – kjøpte ho…

Lars Saabye Christensen framfor eit stort publikum på Undsetdagene 2013. Foto: Mette Karlsvik

Sjølv om ein ikkje kjøpte bøker 

i alle fall ikkje skjønnlitteratur

og ikkje til full pris, 

så kjøpte Nils-Øivind Haagensen 

Stempler – 

– kjøpte ho det året, 1989, då ho kom, 

fortel Haagensen under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer,

om diktsamlinga som han las, 

og las igjen, 

og forsøkte å kopiere – 

før det eine tok det andre: 

før Bergen tok Ålesund, 

litteraturstudier tok heile tida, 

forfattarskapen tok over, 

og forfattarskapen no tar av: 

Med nominasjon til Nordisk Råds Litteraturpris, 

er Haagensen der Saabye var i året 2000. 

Ventande på svaret frå komiteen. 

Saabye vann den nordiske prisen

– og vann Brageprisen

– og vinn gjer han heile tida –

i følgje statuttar som han har forma sjølv: 

bok på bok, lyrikk for musikk, 

adapsjon av tekst til film, tv-serie, osv. 

Han var berre 29 då Beatles kom med ein trommekvervel

og gjorde Saabye til litteraturens ungdomsstjerne.

Over 50 titlar sia debuten i 1976, Historien om Gly

– boka som han fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for.

Og i 2013 kjem ikkje berre ei ny bok, men to.

Gratulerer. På førehand.