Eit såkalla vanleg livsløp

Ho var sannsynlegvis ein av dei fire debutant-favorittane til DnFs Litterære Råd i 2005. Andreboka, Urd, var den første diktsamlinga på ti år som fekk Brageprisen….

Ruth Lillegraven les på Nasjonalbiblioteket, nov 2014 © Mette Karlsvik

Ho var sannsynlegvis ein av dei fire debutant-favorittane til DnFs Litterære Råd i 2005. Andreboka, Urd, var den første diktsamlinga på ti år som fekk Brageprisen. Ikkje sidan Inger Elisabeth Hansens Trask gjekk prisen for skjønnlitteratur til dikt. Det er ikkje rart at Ruth Lillegraven helst vil snakke om forfattarskap. Men no er ho eitt av dei nye medlemma i DnF, og fortel, til dei som les til slutten av intervjuet, om arbeidet sitt i samferdselsdepartementet.  

Debuten

Seinsommaren 2004 jobbar Ruth Lillegraven med informasjon for Det Norske Samlaget og bur på Bislett. Ho les og formidlar andre sine bøker, og byrjar sjølv å skrive dikt. Manuset Store stygge dikt blir til på eit knapt år, frå seinsommaren 2004, til forsommaren 2005. Debutsamlinga kjem i august, og er sannsynlegvis av dei fire favorittane til DnFs Litterærer Råd. Lillegraven blir nemleg ein av dei fire utvalde norske deltakarane som får innpass på seminar for nordiske debutantar på Biskops Arnö i Sverige.

– Kven var du i den tida, vil du seie?

– Eg var vel i hovudsak den same som no. Eg trur jo på at me menneske ikkje endrar oss heilt \ fundamentalt i løpet av eit tiår – eller for den saks skuld eit liv – me blir gjerne berre meir oss sjølve, kanskje. Nokon eigenskapar blir sterkare, andre svakare, men i hovudsak er me dei same. Eg var eit følelsesmenneske som "ville mykje" – då som no. Glad i familien min, glad i venene mine, glad i heimstaden min …

– Kor i livsløpet ditt var du, er det muleg å spørje om det?

– Tja, eg var i min første "skikkelege" jobb, på Det Norske Samlaget, den tok mykje tid og gav mykje glede. Budde sentralt i Oslo, utan barn, og fekk sett vennene mine oftare enn eg gjer no for tida. Og jo, eg flaksa vel rundt og drakk ein del øl. No er eg nok litt i den typiske småbarnstidskvisen, der det er for lita tid til det aller mest. Og slik skal det vel vere.

– I småbarnstidskvisen var dei også, Halldis Moren Vesaas, Sigrid Undset og andre forfattarar som kombinerte arbeid og det å vere kone og mor – med velykka forfattarskap. Kva har det hatt å seie – for bøkene dine – kor i livet du har vore når du har skrive dei? 

– Nesten uråd å vite. Store stygge dikt mi handla nok til ein viss grad om meg og mitt liv, der og då – og med trådar bakover i tid. Så der hadde det nok ein del å seie. Seinare? Mindre, vil eg seie. Romanen min var i allfall lite påverka av mitt eige liv. Same gjeld nyeboka, Manilahallen. I Urd har nok den eine kvinnelege hovudpersonen lånt trekk frå meg og kvar eg var då eg skreiv den – gravid med tvillingar, nybakt mor med små babyar osv. Samstundes handlar den mest om ei oppdikta kvinne for omlag hundre år sidan. Men felles for alle bøkene er vel at dei – som dei fleste bøker – byggjer på refleksjonar, sansingar, erfaringar og kunnskap forfattaren har opparbeida seg. Kven eg er påverkar jo bøkene mine, også dei der eg ikkje direkte har brukt av mitt eige liv i det heile. Så ja… vanskeleg å svare heilt presist her.  

– Den første boka di, og dels den tredje, ser ut til å vere tettare på deg sjølv og din historie. Den fjerde handlar om ein konkret person. Ei venninne av deg. Kor har du det frå, det å skrive ei bok til nokon så nær deg?

– Eg har ikkje skrive Manilahallen til Berit som boka er basert på, men om henne. Og at ho er ei god veninne er sjølvsagt ikkje grunnen til at eg har vald å skrive om henne, men derimot er det sjølvsagt difor eg blei merksam på historia hennar. Ho har levd eit liv i skjæringspunktet mellom det veldig vanlege og det veldig uvanlege, mellom det veldig mørke og det veldig lyse. Blant anna har ho opplevd så mykje smerte – fysisk og psykisk – men er likevel så tilsynelatande lett til sinns. Eg ville utforske korleis det hang saman. Såkalla vanlege livsløp fascinerer meg veldig. Og det var spennande å skrive om eit verkeleg liv. 

– Sjølv om boka handlar om "Berit": Kva seier den siste boka di om deg, no? 

– Den seier vel mest om kvar eg er som forfattar, korleis eg skriv, korleis eg tenkjer, komponerer — Den er ei skjønnlitterær bok om eit anna menneskes verkelege liv, og er i allfall eit uttrykk for sentrale tema i min forfattarskap – tid, slekt, generasjonar, livsløp, kva som er med på å gjere oss til dei menneska me er og til å ta dei vala me tek.

Frå forlag til forfattar 

Ruth Lillegraven er fødd i Granvin i 1978, og kom tidleg til Oslo. Jobben i Samlaget fekk ho nesten straks etter studia på BI. Og sidan har ho budd, jobba og skrive i Oslo. Andreboka Mellom oss kom i 2011.  Urd kom i 2013, og fekk Brageprisen i klassen skjønnlitteratur det året. Manilahallen hentar namnet sitt frå eit rom på Modum bad. Denne boka har fått særleg mykje merksemd omkring forholdet tema og form; å vere ein biografi i diktform. Så seint som i går kveld (onsdag 12. november, red. anm), var Lillegraven i samtale med forfattar og psykiatar Finn Skårderud om boka. Han er intervjuar, Lillegraven hovudperson, og kjellaren av Litteraturhuset fullsett. Ein av dei som sitt der er «Birgit» fra Manilahallen. Ho heiter eigentleg Berit, og og er, som Skårderud påpeiker – ikkje beskjeden. Dermed kan dei snakke om Berits liv, og forholdet mellom dette, og Manilahallen. Lillegraven må ofte tåle spørsmål om kor mykje i boka som er biografisk sant, og kor mykje ho diktar. Tilsynelatande tar Lillegraven dét frå røynda som gjer boka godt. Og diktar vidare, basert på røynda. Ræva, ræva, ræva, les Lillegraven frå diktsamlinga: 

– Det er sant at Berit sa Ræva til bestemor si. Men ho sa det berre ein gong, ikkje tre, seier ho. 

– Poesi er å gjenta ræva tre gongar, kommenterer Skårderud lakonisk, og spør: Kva kan diktforma gjere for å opplyse oss? 

– Ein kunne ha valt å skrive tre hundre sider fakta om tema i staden, seier han. Men svaret har han på sett og vis allereie gitt. Skårderud refererer til ei undersøkjing i amerikanske Science – forskning (som mange då trur betyr at det er sant, legg han til, med eit smil). Kva gjer lesing med hjernar? Ei gruppe, fortel Skårderud – fekk lese ingenting, eller krim – eller populærlitteratur. Den andre gruppa fekk lese bøker som fekk lesaren til å undre seg. Bøker der lesaren måtte skape med, fortel Skårderud. Og meiner at det er den typen litteratur Lillegraven skriv: Undringslitteratur. 

Og for å vere ærleg, så sitt eg i salen og – ja – undrar meg over Lillegravens eigen utdanning. BI. Kvifor, spør eg Lillegraven, når eg har henne på tomannshand.

– Eh… uff, det var i allfall veldig tilfeldig. Eg var 18 år, visste ikkje kva eg skulle bli, berre at eg skulle flytte til Oslo, og eg såg eit informasjonsfagleg studium på NMH (ein del av BI) som eg kunne tenkje meg. Kan godt hende eg ville vald noko heilt anna nokre år seinare. Diplomoppgåva mi skreiv eg om forlagsbransjen og slik fekk eg jobb i Samlaget og sånn sett var det jo eit lukkeleg val. Men eg føler  alltid at eg ikkje eigentleg har studert, sidan eg ikkje har gått på Universitetet, som ”alle andre” rundt meg. Kunne eigentleg tenkt meg å studert meir, men no trur eg neppe det blir noko av. Heller ”studere” gjennom å lese og skrive.  

 Kva kom først av tanken om å bli forfattar, og diplomoppgåva – og så jobben i eit forlag?

 Det er i allfall lett å svare på, for eg hadde eigentleg aldri tenkt på å skrive sjølv før eg brått byrje gjere det i august 2004 – over tre år etter eg byrja i Samlaget. Då sa det plutseleg POFF! Og så skreiv eg som om eg hadde fanden sjølv i hælane ei stund. Men ja, aldri hatt nokon hemmeleg forfattardraum, aldri skrive for skrivebordsskuffa, verken før eller seinare. Eg hadde ulike draumar om kva eg skulle bli då eg var lita. Klesdesignar og arkeolog er det eg hugsar best.  

– Dette med at det seier poff og at folk skriv mykje, brått: Det har eg høyrt frå andre som er gode venner med forleggar og forfattar Nils- Øivind Haagensen. Kva har denne venskapen hatt å seie for diktskrivinga di? 

– Veldig mykje på førsteboka, det var det at me blei vener og eg las hans bøker som på ein måte fekk meg i gang. Eg ville kanskje blitt forfattar uansett, men det ville ikkje skjedd der og då, i allfall. Og han var ein veldig viktig lesar og inspirator på Store stygge dikt. Me er framleis gode vener – men han har vore lite involvert i dei seinare bøkene mine før dei kom ut, sjølv om han vel las Urd før den gjekk i trykken. Men det er alltid viktig å ha gode, skrivande vener ein kan snakke med i alle fasar. Der er både Nils og fleire andre veldig fine å ha. Men den aller viktigaste støttespelaren for meg i skrivinga mi no er heilt klart den fantastiske redaktøren min, Mattis Øybø. Han er ein uvurderleg samtalepartnar.

Tiden

På under ti år har Lillegraven vunne Brageprisen, skifta jobb, stifta familie, og sett ut til å finne ut at dei forteljande dikta, knokkelprosaen, som ein kritikar kalte Lillegraven-dikta, er ein av hennar greier. 

– Alle tre diktsamlingane mine har kome i august, når eg tenkjer meg om – veit ikkje om det dermed no er eit slags mønster som ikkje bør brytast.

 Er det tilfeldig at samlingane kom i august, eller er det forlagserfaringa di som gjer det: vissa om at hausten er god med tanke på julesalet, og at det er greitt å komme tidleg i ein sesong?

– Haha, nei, det er er nok tilfeldig at det er blitt slik. ”Julesalet” skal uansett ikkje overvurderast for diktsamlingar. Eg har nok vore heldig og seld meir av mine to siste enn mange andre lyrikarar, men samanlikna med prosa er det mikroskopiske tal det er snakk om. Men ja, eg har likt godt å kome på starten av sesongen, det kan godt vere eg held fram med det.  

– Om ein dømer frå «poffa» frå 2004, frå tida det tok til du byrja å skrive Store stygge, til boka vart lansert, så skjer ting fort i livet ditt. Kjem det ei bok i august 2015?

– Det er jo ti år sidan. Då er det nok meir relevant å sjå på at det berre gjekk eit år frå Urd (2013) kom, til Manilahallen (2014) kom. Men før Urd brukte eg 5,5 år på romanen min, Mellom oss. Det er lenge på ei andrebok, eg trur dei fleste hadde avskrive meg då den endeleg kom. Så det der går litt i rykk og napp. Felles for alle bøkene er at eg har jobba veldig hardt med dei. Det gjer vel alle forfattarar, men … ”Så skjer ting fort i livet mitt”  – det høyrest nesten ut som bøkene har ramla ned i fanget på meg. Det har dei definitivt ikkje. Men nei, eg kan ikkje førestille meg at det kjem noko ny bok frå meg neste år, verkeleg ikkje. No får folk få ein liten Lillegraven-pause. Og eg treng å roe ned litt sjølv også. Det ville nok neppe vore ei sunn målsetjing å skulle ha ei bok i året framover. 

– Kva slags bok kan bli den neste, frå din hand?

– He he, lyrikk eller prosa, vil eg tru. Når det ein gong – forhåpentlegvis – kjem noko. No er eg så vidt i gang med å skrive på noko nytt, og det kjennest godt å ha det rommet å gå inn i att. Eg har sakna det.

Taleskrivaren

Mi mor, mi står det i eit dikt av Ruth Lillegraven. Mi Ruth, mi, tenkte eg, turde aldri seie det høgt, då eg debuterte som forfattar. Ruth Lillegraven jobba med marknad for Det norske Samlaget då, jobba med mi bok. Eg var redd å debutere. Ruth tok redsla på alvor. Men ho var også roleg. På telefon, iallfall; mens eg satt i Bergen og budde meg på debut, og Lillegraven satt på kontor i Jens Bjelkesgate. Det var Lillegravenstemma eg høyrte. Ei god stemme, som ikkje berre var å finne i telefonen: Heldigvis gav ho sjølv ut sin første bok det året, berre litt seinare. Slik blei det boksider og noko å halde i då Lillegraven slutta i Samlaget. Den som høyrer godt etter, kan mulegvis kjenne att Lillegraven i tekstar frå Samferdselsdepartementet. Dei siste åra har ho vore seniorrådgjevar – altså taleskrivar – for statsråden i Samferdselsdepartementet. 

– Som talarskrivar – vil du seie at du har politisk makt?

– Nei, det vil eg verkeleg ikkje seie. Nei. Kanskje av og til ein viss påverknad på kva som blir sagt ved eit konkret høve, men ikkje politisk makt, nei. 

– Kva slags arbeid er det å skrive talar for ein statsråd?

– Det er nokså konkret. Varierer litt frå statsråd til statsråd. Nokre føretrekk klassiske talemanus, medan andre berre vil ha bakgrunnsstoff og eventuelt hjelp til nokre powerpointpresentasjonar, som den statsråden eg jobbar for no. Det med at jobben endrar seg litt etter kven som sit i statsrådstolen er jo med på gjere den meir interessant. Men det er gjerne ein stri straum av ting som skal produserast, det er det. 

– Kor mykje er du ein forfattar, som talarskrivar?

 Tja, vanskeleg å vite. Eg vil nok tru at eg har nytte av at eg er vand til å tenkje komposisjon og komprimering, og til å jobbe med språket, få det best mogleg. 

 På kva måtar kan du dra veksel på det du kan om å bygge dikt, i taleskrivinga?

– Nei, det veit eg ikkje. Å skrive dikt og talar er jo to veldig ulike ting og prosessar. Eg ”byggjer” ikkje dikt, det er meir ei intuitiv greie for meg. Men samlingane byggjer eg jo. Og det at eg er vand med å arbeide med komposisjon og språk også som forfattar er nok ein fordel i jobben, som sagt.

– Korleis liker du jobben som seniorrådgjevar? 

– Jau, det er ein god jobb å ha. Og eg har fine kollegaer. Men hjartet mitt ligg nok forfattargjerninga nærast, som vel naturleg er. 

– Kor realistisk er eigentleg serien Presidenten/ West Wing (HBO-serie om den amerikanske presidentens inste krings) trur du?

– Ah, eg elskar jo den serien. Har sett den heile 3 gonger – i sin heilheit! Eg vil tru – utan å eigentleg vite noko om dette – at den er nokså realistisk i høve til amerikansk politikk. Norsk politikk er nok annleis, på veldig mange område. Nokre av mekanismane kan ein jo kjenne att. Men taleskrivarane har nok ein heilt annan posisjon i WW (Det kvite hus sin "West Wing, red. anm) enn i Noreg, ja. 

– Kor viktig har det vore for at du skulle halde fram som forfattar – at du skifta jobb? 

– Tja. Eg trur det var ein fordel. Eg følte at ting blei litt ryddigare då, og at det var greitt å jobbe med noko anna enn bokmanus og forfattarar og bøker når eg skulle prøve skrive meir sjølv. Men det var ikkje den direkte årsaka til at eg slutta i Samlaget. Og eg har sakna den kjekke jobben der mange gonger – det var fantastiske år!

– Men korleis var det å arbeide med og for andre sine forfattarskap då du sjølv debuterte som forfattar? 

– Det var jo litt rart, eg var vand med å vere på "den andre sida"  – det kjendest litt kleint og rart å plutseleg skulle debutere sjølv. Men det gjekk for så vidt ryddig og greitt for seg den hausten, eg hadde ein super vikar i Karin Helgøy, som seinare fekk jobben fast og har han  framleis. Og då eg kom tilbake att til stillinga mi etter permisjonen, var jo det meste som før – til eg slutta. Eg tenkte eigentleg slett ikkje på meg sjølv som forfattar på den tida. Det er eigentleg berre i det siste eg eigentleg har byrja å føle at det er det eg er.