Europese Literatuurprijs til Harstad

Johan Harstad (f. 1979) debuterte til jubel med Herfra blir du bare eldre i 2001, og fulgte opp med den minst like got mottekne Ambulanse…

Johan Harstad - Foto: John Erik Riley

Johan Harstad (f. 1979) debuterte til jubel med Herfra blir du bare eldre i 2001, og fulgte opp med den minst like got mottekne Ambulanse (2002). Sidan har bøkene blitt tjukkare og tjukkare, og Harstad vunne fleire prisar. Blant dei større kan ein nemne Brageprisan (for ungdomsromanen Darlah, samt nominasjon for skodespelet Osv.), Sultprisen, og at Darlah seira i Ubok.no og Dagbladets omfattande kåring av den beste, norske ungdomsromanen til alle tider. Harstad utmerker seg elles med å vere den av den ny generasjonen romanforfattarar som har flest titlar på flest språk. Det internasjonale gjennombrotet kom med romandebuten Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (2005), som òg blei TV-serie for NRK. Også den komplekse romanen Hässelby (2007), ungdomsromanen Darlah og Max, Mischa & tetoffensiven er omsett til mange språk. Det er den nederlandske omsetjinga av Max, Mischa (…) som gjekk heilt til topps i kampen om Europese Literatuurprijs. 

    Kortlisten for 2018 bestod elles av bøker av forfattarane Paolo Cognetti, Daniel Kehlmann, Bodo Kirchhoff of Francesco Pecoraro. Prisen har vore delt ut sidan 2011, og så langt som vi ser, så er dette første gongen ein norsk forfattar vinn prisen.

Harstad har sjølv formgitt boka, samleboksen inkludert, og har også lagd omslag til bøker og plater av andre kunstnarar. Om Harstads kunstnarskap har gått deg hus forbi fordi forfattaren ikkje er av dei som søkjer mest merksemd, så kan ein til dømes ta turen til Haag i oktober, der prisen blir delt ut.