Fem dagar att til jubileumsfeiring!

Livet sjølv er forandring, overgang, prosess. Difor må vi leve med i forandringa og ikkje stå roleg, for elles vil livet gå frå oss og…

© Bjørn Erik Pedersen

Livet sjølv er forandring, overgang, prosess. Difor må vi leve med i forandringa og ikkje stå roleg, for elles vil livet gå frå oss og vi vil bli akterutsegla, stivna og foreldra, skriv Einar Økland i boka Forfatter-spor. Samtidslitteratur i skolen. Økland var ein av dei driftige DnF-medlemma som var med på å skipe Norsk Forfattersentrum, «Eit postordrefirma for levande forfattarar» den meir formildingsorienterte søsterorganisasjonen til DnF:

Saman med Tor Obrestad og Bjørn Nilsen var Einar Økland ein slags fadder då Norsk Forfattersentrum vart stifta i 1968. Men skal ein tru Økland, var det med ein viss bismak at han såg «sentret» endeleg komme til live: Han framsette forslag i DnF i 1967 om skipinga av eit forfattarsentrum. Det vart avvist av møtet. 

– Korleis tok du det?

– Eg furta, men seinare fekk vi støtte under hand. Avgjerande var at Finn Carling og Halldis Vesaas tok kontakt med meg og utveksla synspunkt. Halldis rådde meg til å ta forslaget opp ein gong til og drive litt lobbyverksemd, slik at folk var førebudde – og så skulle ho vere rask til å støtte meg. Det enda med at eg tok det opp att i 1968. DnF vedtok då å setje ned eit utval som kunne utgreie saka. Til å sitje i utvalet peika møtet ut forslagstillaren pluss to som hadde støtta han, Bjørn Nilsen og Tor Obrestad. Då vi seinare same året la fram vårt forslag litt meir i detalj, fekk tanken ein kjølig medvind.

– Men forfattarane «gjorde det sjølv», som vanleg, har eg skjønt!

– Møtet meinte at vi måtte berre setje i gang, vi tre, med prøvedrift, men DnF skulle ikkje vere implisert og ikkje ha noko med eit slikt senter å gjere. Vi starta då for oss sjølve. Vi tre styrte den vesle drifta, men hengde oss på med våre tilbod då Oslo hadde ei  «kulturuke» og fekk i den samanhengen og via uformelle kontaktar låne eit kontor gratis like bak Slottet. Møblar fekk vi av eit departement som skulle kaste nokre forelda på fyllinga. Etter ei tid kunne vi tre tilsetje ein halv sekretær. Det var eit kupp, for ho var ei moden, avvæpnande dame med pen dialekt (Ingrid Drage, svigermor til Per Kleiva). Ho blei ein viktig ressurs for sentret. Seinare konstituerte vi oss som medlemsorganisasjon, endeleg med tilsett og løna leiar. Den første leiaren som fekk løn, var Bjørn Nilsen. Han gjorde ein formidabel innsats m. o. t. å byggje opp kontorrutinar o.l. Seinare kom sentret inn på statsbudsjettet. 

– På vilkår av at Staten fekk eit styremedlem i NF. Yngvar Ustvedt var i fleire år Staten sin mann. Men sidan det aldri var noko å murre over, vedtok Staten med seg sjølv at det var overflødig å ha nokon representant her.

– Korleis var NF sett på av miljøet elles?

– NF var heile tid stigmatisert som eit reir av radikale folk – som ønskte å overta DnF. Då  AKP(m-l) byrja byggje seg opp, var det sjølvsagt noko i dette. Men dei forfattarane som var med i det nye partiet, var få og hadde inga makt. Det visste dei fleste som deltok i NF. Det einaste strukturelle ein kunne merke, var at AKP(m-l) gjorde alt dei kunne for å få sine folk inn i alle leiande tillitsmannsverv. Somme av oss let stundom dette skje. I praksis var det å spenne gode hestar for kjerra. Bjørn Nilsen var ein slik. Han gjorde mykje bra for alle sine yrkesbrør, men han verva neppe ein einaste til partiet. Derimot var det surt for dei mange av oss som ikkje var med i AKP(m-l) å støtt bli uthengde som maoistar i det offentlege rom. I tillegg til at vi blei sjikanerte som klassesvikarar o.l. av dei som lydde parolane frå partileiinga.

– Ein del turbulens, altså, etter at NF tok av. Men i dag er det eit godt tilhøve mellom DnF og NF. Når vart det slik?

– Først hausten 1973 kom det til ei tilnærming og ei harmonisering mellom DnF og NF. Då var eg kalla attende til leiinga i DN, og Ebba Haslund som leia DnF og eg starta ein gjensidig sjarmkampanje retta mot kvarandre, fortel Økland, den gamle norsklæraren, som veit vel korleis han skal snekre saman tekstar – og kanskje også organisasjonar. 

Han skriv vidare i Forfatterspor, i essayet Bruk av drill i skulen – om formilding av litteraturen i skulen, om fantasi og draumar, og lesing og skriving. ”Vi må berre leite etter problemet som treng løysing! (…) Det er snakk om oss sjølve og det livet vi lever når vi er vakne. Som ordtaket seier: «Fornuften lagar monster når den søv» – men vi søv jo aldri, skriv Økland. Alltid vaken, alltid på utkikk etter dei nye vendingane. I språket og i livet.