Allereie 14. august hadde Samlaget sin pressekonferanse, og i går var det Kolon Forlag sin tur. I kveld er Gyldendal sin store fest, mens Aschehougs Hagefest skjer om ei veke. Av godbitar, kan vi nemne nye bøker frå Mona Høvring, Kjersti Bronken Senderud, Pedro Carmona-Alvarez, Nils-Øivind Haagensen, Dag Solstad, Helene Uri, Anne Oterholm, Steinar Opstad, at Tone Hødnebø gjendiktar Anne Carson, og at poet Ann Kavli debuterer som barnebokforfattar. DnFs lesarar kan kjenne att forfattarar som Yngve Pedersen og Vemund Soleim Aadland, som begge har gitt dikt til lyrikkserien vår. Dei kjem begge med sine etterspurde og – lengta andrebøker denne hausten. Nokre av forlagslistene finn du her, her, her, her og her.
Før lauvet ramlar, rislar det i bokblad
Allereie 14. august hadde Samlaget sin pressekonferanse, og i går var det Kolon Forlag sin tur. I kveld er Gyldendal sin store fest, mens Aschehougs…