Aktuelt

Førde årets nynorskkommune 2015

  – Vi ønskjer at denne prisen skal vere med å synleggjere det gode språkarbeidet som skjer i mange nynorskkommunar, seier kulturminister Widvey. – Førde har…

forde

 
 
– Vi ønskjer at denne prisen skal vere med å synleggjere det gode språkarbeidet som skjer i mange nynorskkommunar, seier kulturminister Widvey. – Førde har fokus på språkarbeid, og har gjennom prosjektet "Nynorskbyen" knytta identiteten sin tett opp mot nynorsk språk. Kommunen har eit uttalt mål om å bli eit kraftsenter for nynorsk.
 
Prisen "Årets nynorskkommune" har blitt delt ut sidan 2009, og har fram til i år blitt delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 2015 er første året Kulturdepartementet er ansvarleg for prisen. Språkrådet har leia juryarbeidet på vegner av departementet. Prisen for neste år vil bli lyst ut våren 2016.
 
– Eg vil oppfordre kommunar og fylkeskommunar til å sette i gang gode tiltak på eit tidleg tidspunkt, og å delta i konkurransen når utlysinga kjem, seier Widvey.
 
Prisen "Årets nynorskkommune" er på 100 000 kroner.