Aktuelt

Foreslå kandidatar til Wergelands åre!

I fjor var det Hanne Bramnes som fekk prisen – ei fysisk åre: Den eine av eit årepar som ein trur har tilhøyrt Henrik Wergeland….

Hanne Bramness med Wergelands Åre. Foto: Stine Poppe

I fjor var det Hanne Bramnes som fekk prisen – ei fysisk åre: Den eine av eit årepar som ein trur har tilhøyrt Henrik Wergeland. Forfattersentrum skriv vidare om åra: Den andre er montert på veggen i Grei kafé i Skippergata, Oslo. Kafeen låg ved bryggekanten på Wergelands tid og var stamstaden hans på veg til og frå jobb. Han fortøygde båten utanfor og tok årene inn i kafeen. Det var her han møtte kaféeigarens dotter Sofie Amalie, som han gifta seg med. Ei åre, for ikkje å snakka om to, er eit fint symbol for kommunikasjon, for å overvinna avstandar, ved praktisk arbeid.

I 2014 blir Wergelands åre gitt vidare, og vi ønskjer grunngitte forslag på personar eller institusjonar. Etter at vi har mottatt forslaga, vil ein komité samansett av Aasne Linnestå og Per Olav Kaldestad frå styret og Guri Sørumgård Botheim frå administrasjonen gi ei innstilling til styret, som kårar vinnaren.

Send forslag til guri@forfattersentrum.no innan fredag 24. januar 2014.

Tidlegare vinnarar:

1997: Turid Birkeland

1999: Oslo Sporveier – dikt underveis

2001: Dagbladet – diktbasen

2003: Volapük

2005: Erling Kittelsen

2008: Jan Erik Vold

2012: Hanne Bramness

 

Vennleg helsing

for komiteen

Guri Sørumgård Botheim

Avdelingsleiar

Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

Tlf. 21 09 57 70