Aktuelt

Forfattarforedraget 8. mars 08

Som Gertrude Stein seier i sitt essay om pengar: "No må alle berre sjå til å bestemme seg. Er pengar pengar eller er ikkje pengar…

Som Gertrude Stein seier i sitt essay om pengar: "No må alle berre sjå til å bestemme seg. Er pengar pengar eller er ikkje pengar pengar. Alle som tenar dei og brukar dei kvar dag for å leve veit at pengar er pengar, alle som stemmer på dei for å få dei samla inn som skattar veit at pengar ikkje er pengar. Det er det som får alle til å gå frå vitet."

Eg låner overskriftene frå dette essayet som vekte ein del oppstuss då det stod trykt i Saturday Evening Post i oktober 1936. Overskriftene er som følgjer: PENGAR, ALT OM PENGAR, MEIR OM PENGAR, ENDÅ MEIR OM PENGAR og MITT SISTE OM PENGAR. Innhaldet i denne talen blir derimot nokså forskjellig frå førelegget.

PENGAR

Då eg var ny og fersk som forfattar, var eg berre glad for å få lov til å halde på med dette som vi alle her held på med, og om nokon ville betale meg ein slant for det, var det meir som eit mirakels. Eg trur ikkje eg er aleine om å vere der, vere så naiv, eller beskjeden, om du vil. Forfattarar er generelt nokså unnfallande, og forsiktige med å stille krav. Og det er mange gode grunnar til det.

Vi har verdas beste jobb.

Vi er våre eigne herrar, vi står opp når vi vil, vi jobbar når det passar oss.

Vi slepp å hanskast med udugelege sjefar og andre psykopatar enn oss sjølv på arbeidsplassen.

Vi får halde på med det vi har aller mest lyst til å halde på med.

Derfor blir det aldri synd i oss. Og derfor blir vi aldri tøffe nok i møtet med kapitalkreftene.

Dessutan har vi tilsett oss sjølve i dette yrket. Ingen har vurdert om vi passa til jobben eller var ønska til jobben, og difor er vi audmjuke.

Vi vegrar oss for å tenke på og snakke om privatøkonomi. Derfor orkar vi heller ikkje å svare på ei spørjeundersøking om våre arbeids- og inntektsforhold. Ein svarprosent på 23 seier ikkje så lite om oss.

Som forfattarar går vi villig vekk inn i hovudet til torturistar og barnemishandlarar, med ord klarer vi å gestalte diktatorar og økonomar, i bøkene våre oppsøker vi dei vanskelegaste situasjonar og skildrar dei, – men vår eigen økonomiske situasjon orkar vi ikkje å ta tak i. I tillegg har vi skjemaskrekk. Dette er faktisk eit svakt punkt. Eit sjarmerande lyte, ja visst, men like fullt…

ALT OM PENGAR

Eg har aldri vore opptatt av pengar. Likevel er eg så absolutt opptatt av pengar. Skal eg vere heilt ærleg, så går det vel ikkje ein dag utan at eg tenker på pengar. Eg gjer det fordi eg må, men òg fordi det er interessant. For meg er pengar pengar, og dei er ikkje pengar. Og – som Gertrude Stein seier – når det er sånn, er det fort gjort å gå frå vitet. Så no må eg berre sjå til å bestemme meg.

Etter 17 år som forfattar vil eg ikkje lenger vere naiv. Beskjeden. Unnfallande. Som 46-åring har eg behov for å kjenne at det er ei viss anstendigheit rundt det eg held på med. Vel har eg tilsett meg sjølv i denne forfattarstillinga, men er ikkje næringslivet fullt av folk som skaper sine eigne arbeidsplassar? Og skulle ikkje vi, som dei, forvente å tene på det arbeidet vi gjer, i alle fall så lenge vi gjer det godt? Så lenge nokon er interesserte i produkta våre, skulle ein faktisk også forvente at dei var villige til å betale for dei.

Men nei. Sjå berre på forleggarane. Vel er dei interesserte i bøkene våre, i tillegg så er dei oppriktig opptatt av vårt ve og vel. Men når det kjem til å gi oss skikkeleg betalt for teksten dei har fått i oppgåve å vidareforedle, viser dei veldig lita forståing. Dette er spesielt tydeleg no i desse dagar, når fortenesten på pocketbøker og lydbøker går i været.

Og sjå på bokhandlarane. Dei lever av det vi leverer, men har gjort det uttrykkeleg klart at dei sjølv vil bestemme kva bøker dei skal ta inn og kva bøker dei vil prøve å selje. Færre titlar i hyllene får det til å spire i lommebøkene deira. Og dei ser uforståande på oss når vi snakkar om breidde. Er ikkje bokhandelen full av bøker kanskje? Sel dei ikkje bøker så det grin, kanskje?

Og kva med journalistane? Dei vil ha oss, men er ikkje alltid like interessert i det vi skriv. I stadig større grad fokuserer dei på person og ikkje på bok. Og i hovuda deira er det komme inn eit likskapsteikn mellom kvalitet og suksess. Eit likskapsteikn som alle aktørar, forunderleg nok, ser ut til å akseptere.

Kritikarane vil ha bøkene våre. Men dei har gjort bokutgivinga til ein straffeprosess. Det fekk vi i klartekst då Dagbladets nyutnemnde hovudmeldar uttalte at kritikaren skal "felle ein klar dom". Og eg fekk kaffien i halsen den morgonen eg las at ein av meldarane i Aftenposten meiner ho har vore for snill – og at det skal ho slutte med. Vi har då aldri bedt om at nokon skal vere snille mot oss! Rause, derimot, det hadde vore noko.

Til alle desse aktørane og institusjonane har vi ei binding. Men det er ein liten forskjell: Vi er ganske avhengige av desse institusjonane, men kan òg for så vidt klare oss utan. Medan dei, dei lever av oss. Vi er deira arbeidsgivarar. Korleis kan det då ha seg at vi er så svake?

Vi er ein gjeng individualistar. Vi tenker forskjellig, vi skriv forskjellig, vi opptrer forskjellig, vi tener forskjellig. Og slik skal det vere. Men vi har ein ting felles: Vi er råvareleverandørar til ein bransje som går så det susar. Og fleirtalet av oss har ikkje hatt lønsauke dei siste tjue år.

MEIR OM PENGAR

Virginia Woolf sa for 80 år sidan at "en kvinne må ha penger og et eget rom, hvis hun skal skrive litteratur." Dette med at kvinner – og da underforstått sjølvsagt også menn – må ha eit eige rom for å kunne skrive, har for lengst gått inn i begrepsverda vår. Men at Virginia la så stor vekt på pengar, har det ikkje vore like mykje snakk om.

I det lange essayet sitt fortel ho om korleis ei arv frå ei gammal tante ikkje berre gjer "slutt på slit og strev, men også på hat og bitterhet. " Forfattarinna opplevde at ho ikkje lenger trong å leve i forsvarsposisjon, og det opna opp for nye horisontar. Pengane, og den tryggleiken dei gav henne, gav henne samtidig ein stor fridom: "friheten til å tenke på tingene slik de er."

Sjølv kjenner eg litt av den fridomskjensla når eg ein gong imellom får godt betalt for ein jobb eg gjer. Det er ikkje heilt kutyme å snakke om lykke i samband med pengar. Men eg har faktisk ei lita lykkekjensle når eg har gjort ein god jobb og får godt betalt for den.

Fridom eig vi kanskje når vi eig lite anna. Men det går også andre vegar til fridom, gjennom økonomisk uavhengigheit for eksempel. Og medfølgjande sjølvrespekt.

ENDÅ MEIR OM PENGAR

Vi er ein stad i Norge, flyet har landa og eg har blitt plukka opp av bokhandlaren som køyrer meg til arrangementet der eg skal lese frå den siste romanen min. Bokhandlaren er blid og hyggeleg, pratar om laust og fast, og etter kvart kjem ho inn på forfattarar ho nyleg har hatt besøk av og honorara dei har kravd. Eg lyttar interessert. Det er alltid interessant å få vite kva andre forfattarar får for eit oppdrag.

Dette er ikkje så lenge sidan, så vi kan seie at eg var kommen over den blåøygde og unnfallande perioden. Eg hadde spurt meg litt rundt, og fått greie på at ikkje alle forfattarar held seg til minstehonoraret når dei skal avtale lønn. Enkelte sørgjer for å ta seg skikkeleg betalt, og ære vere dei for det. Dette har gjort det mogeleg for andre også å forlange eit anstendig honorar for oppdrag ein brukar mykje tid og krefter på. Sjølv har eg plussa på ved fleire høve dei siste åra, og opplever sjeldan protestar frå oppdragsgivaren.

Men akkurat denne dagen var eg ein stad i Norge, på eit oppdrag eg ville komme til å bruke eit døgn på med reise og overnatting, og eg var der på ein avtale om minstehonorar.

Så er det at bokhandlaren fortel at for nokre veker sidan så var forfattaren N.N. der, og han kravde åtte tusen for ein opptreden, og det var no på kanten, men – og her snur bokhandlaren seg mot meg – men, seier ho, han lever jo av det.

Det var ikkje god folkeskikk som gjorde at eg heldt kjeft. Eg skulle jo ha svara at: Ja men det gjer faktisk eg òg, eller kanskje eg rett og slett skulle svara at det er jammen godt gjort for eg klarer ikkje å leve av det! Men eg blei rett og slett mållaus. Feid av banen av den arrogansen eller det tankelause ved dette som fekk denne hyggelege og dyktige bokhandlaren ein stad i Norge til å snakke som ein afghansk patriark. No i ettertid lurer eg på om det var det faktum at eg er kvinne eller om det var det at eg er mindre berømt enn N.N. som gjorde meg usynleg for henne i ein samanheng der det var snakk om pengar.

Eg har opplevd fleire slike komiske og paradoksale situasjonar den siste tida. Og dei har fungert som vekkarar for meg. Ein lærdom eg har trekt av slike opplevingar er: Folk kjenner ikkje vår situasjon. Når eg fortel folk kva eg tener på bøkene mine og oppdraga mine, blir dei ganske så sjokkerte. Her har vi eit arbeid å gjere.

Den siste tida er det faktisk fleire forfattarar som har vore tøffe nok til å stå fram i media og fortelje om sin situasjon. Korleis dei jobbar, kor stakkarsleg dei tener, korleis det kjennest å ikkje finne bøkene sine i bokhandelen. Dette er vitnesbyrd som er viktige for oss som gruppe. Vi skriv forskjellig, vi opptrer forskjellig, vi tener forskjellig – og slik skal det vere. Men vi har ei felles oppgåve i å få fram variasjonane, forskjellane, dette at lik arbeidsinnsats kan gi så ulike inntekter.

Det er viktig at folk får vite om arbeidsforholda våre. Vi må fortelje korleis det er.

I essayet sitt seier Stein at det som skil menneske frå dyr er pengar. "Men det ingen dyr kan gjere er å telje, og det ingen dyr veit om er pengar. Menneska kan telje, og dei gjer det, og det er det som gjer at dei har pengar."

Her har forfattarane eit stort fortrinn. Vi kan telje. Og vi kan fortelje.

MITT SISTE OM PENGAR

I eit anna av sine essay om kvinner og litteratur, snakkar Virginia Woolf om kor nødvendig det er å drepe "Engelen i huset." Her meiner ho at kvinner har ein impuls til å behage, glatte ut, tildekke og vri på eigne meiningar og oppfatningar, så dei ikkje skal verke sårande og skandaløse.

I dag, på Kvinnedagen i år 2008 kan vi sjå at dette er noko som gjeld oss alle, både kvinner og menn. På det personlege plan, i vår daglege omgang med litterære englar og djevlar, kjempar vi aleine. Men på eit anna plan, i fellesskapet, hadde vi hatt nytte av å ta kvelartak på vår naivitet, vår hang til å vere unnfallande, våre lojalitetar, vår impuls til å behage og glatte ut.

Vi må kvitte oss med dyden! På same måte som pengar er pengar og pengar ikkje er pengar, er kunstnarar kunstnarar og kunstnarar er ikkje kunstnarar. I våre møte med offentligheita er vi kunstnarar, men vi er også samfunnsborgarar. Og som borgarar flest, må vi hanskast med ein del trivielle ting – også pengar. Kanskje mistar vi litt av vårt kunstnarlege, mystiske skimmer om vi insisterer på å snakke om pengar og levevilkår, framfor å gjere som vi ofte gjer, nemleg heve oss over dette. Men det kunne gitt folk ei meir realistisk oppfatning av kva arbeidet vårt går ut på. Og det trur eg vi kan tene på.

Klassekampen har starta opp ei fast spalte i bokbilaget sitt, denne har overskrifta "Lommeboka". Her blir forfattarar intervjua om inntekter og livsvilkår, rett og slett om sitt forhold til pengar. Dette er fornøyeleg lesing. Eg brukar denne spalta til å få oversikt over private forhold hos kollegaer og gamlekjærastar. Eg har også inntrykk av at andre enn forfattarane sjølv les denne spalta med stor interesse.

Så ein av dei farlege englane vi må jage bort, er den skinnhellige. Og den andre er den lojale. Vi er vennar med folk som vi iblant har motstridande interesser med. Vi pratar, drikk og dansar med dei som stikk av med lønna vår eller dolkar oss i ryggen når det tener interessene deira. Forleggarane, bokhandlarane, journalistane sit dei der med sine janusansikt, spanderer øl på oss og lar oss spandere på dei. Den lojale engelen er også den mest mordariske engelen i Forfatternes Hus. Vi bør ta ei vårreingjering og feie ut desse gamle spøkelsa som hindrar oss i å tenke stort, tenke rettferd, tenke fritt. Vi må gi oss sjølv fridomen til å tenke på tinga slik dei er.

For eit par år sidan skreiv eg ein roman med tittelen "Mitt milde vesen". Denne romanen var også, blant mange andre ting, eit personleg prosjekt som gjekk ut på å utforske og fordrive engelen som i altfor stor grad har fått lov til å dempe, dekke over, hemme og hindre utfalding i mitt hus. Eg fann eit smålåtent, unnfallande, konfliktsky vesen som på eit veldig tidleg tidspunkt må ha tatt bustad i meg og som også ser ut til å klore seg fast i mange andre av mitt kjønn og min stand.

Handlinga i romanen har lite med mitt eige liv å gjere, men likevel opplevde eg under arbeidet at eit raseri vakna i meg. Eg har aldri vore så sur og sint og umedgjerleg som eg var medan eg skreiv på denne teksten.

Heldigvis gjekk det over. Heldigvis gjekk det ikkje over! Raseriet er der, og eg er meir enn klar til å hente det fram dersom vi i Forfatterforeningen bestemmer oss for å gå til kamp mot den urettvisa og arrogansen som opptrer i engleham.

Då eg var på mitt mest rasande, gjorde eg opprør mot forlaget. I kontrakten opererte dei med ei minsteopplag på romanen min. Dette meinte eg vitna om liten vilje til å selje produktet. Og det betydde at eg ville få svært lite pengar utbetalt i første omgang. Eg nekta å underteikne kontrakten. Stort oppstyr, møte og fagre lovnader. Det enda med at opplaget blei dobla. Det var ei stor tilfredsstilling.

Så høyrer det med til historia at boka ikkje selde stort meir enn det opprinnelege opplaget. Ein kan trygt seie at det var opp som ei løve og ned som ein skinnfell.

Men eg angrar ikkje. Dette var berre oppvarminga – eg er klar for fleire opprør. Eg er klar for å la vere å underskrive kontraktar. Eg kan godt la vere å signere billigbokavtalar. Eg kan godt la vere å signere lydbokavtalar. Blir det naudsynt vil eg la vere å signere noko som helst.

For eg har fått ei ny forståing av pengar. Pengar er pengar og pengar er ikkje pengar. Og kva er pengar når det ikkje er pengar? Her i Forfatterforeningen har vi gjennom mange år demonstrert at pengar er solidaritet. Og no skal vi vise at pengar også handlar om rettferd.

Brit Bildøen