Forfattarmarknad til Søndagsavisa

Førre søndag var det Kristin Halvorsen, søndagen før Stein Erik Hagen. I dag: DnF sitt styremedlem Henning Bergsvåg, og – medlem og forfattar Aud Korbøl: Vi snakkar om radioprogrammet NRK Søndagsavisa. Dette nyhendemagasinet er eit av dei mest tradisjonsrike og overlevingsdyktige radioprogramma til NRK. I føremiddag, mellom nyhende om wikileaks, nobelprisar og Stockholm, fann Søndagsavisa fem-ti minutts tid til forfattarane sitt eige julemarknad, som blir arrangert på Litteraturhuset akkurat no.

ps

Førre søndag var det Kristin Halvorsen, søndagen før Stein Erik Hagen. I dag: DnF sitt styremedlem Henning Bergsvåg, og – medlem og forfattar Aud Korbøl: Vi snakkar om radioprogrammet NRK Søndagsavisa. Dette nyhendemagasinet er eit av dei mest tradisjonsrike og overlevingsdyktige radioprogramma til NRK. I føremiddag, mellom nyhende om wikileaks, nobelprisar og Stockholm, fann Søndagsavisa fem-ti minutts tid til forfattarane sitt eige julemarknad, som blir arrangert på Litteraturhuset akkurat no. LitteLeaks skal ha det til at Jan Erik Vold er ein av forfattarane som tar ei vakt bak i dag. Heilt sikkert er det at han skal lese høgt. Ver derfor tidleg ute med å komme til Litteraturhuset i dag! Og mens du ventar på at klokka skal bli to: Slå på radioen og høyr Korbøl og Bergsvåg fortelle om DnF sin julemarknad. Du finn dagens søndagsavis i nettarkivet til NRK her.