Forfattarskulen – for skrivande med minoritetserfaring

Ber du på ein draum om å bli forfattar? Vil du utvikle deg innan skrivekunst? Forfattarskulen er eit gratis tilbod til dei ti elevane som blir plukka ut.

Skulen går over eitt år med  fire helgesamlingar (fredag–søndag). I tillegg får du tilbod om tilbakemelding på tekstar mellom samlingane.   

Du får møte lærarar som er blant våre fremste forfattarar.

Forfattarskulen er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Forfattarskulen er for skrivande med minoritetserfaring. Som søkar må du vere over 18 år og ikkje vere etablert forfattar. 

Søknaden skal innehalde eit brev der du fortel om deg sjølv, bakgrunnen din og motivasjonen for å søke. I tillegg må du sende 5–10 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa skriven  på nynorsk (t.d. dikt, kortprosa, novelle, utdrag frå større manus, barnebok). 

Nynorsk vil bli arbeidsspråk gjennom kurset, men det er ikkje krav om at nynorsken skal vere feilfri. Vi er opne for søknader både frå dei som allereie har nynorsk som sitt skriftspråk, og dei som har ønske om å arbeide litterært med nynorsk som sitt skriftspråk frå no. 

Nokre eksempel på kva vi legg i omgrepet «minoritetserfaring»: Nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing eller funksjonsvariasjon, seksuelle minoritetar, kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn. 

I 2022 har Forfattarskulen hatt m.a. desse forfattarane inne som gjestelærarar og foredragshaldarar: Thomas Marco Blatt, Mona Høvring, Bjørn Hatterud, Camara Lundestad Joof, Brynjulf Jung Tjønn, Sigbjørn Skåden, Inger Bråtveit, Fatemeh Ekhtesari, Elen Betanzo.

Søknadsfrist 17. november 2022

Søknad skal sendast til: forfattarskulen@samlaget.no 

Første samling blir i Oslo 3.-5. februar 2023. 

Reise og opphald blir dekt.

Har du spørsmål? 

Ønskjer du meir informasjon om kursinnhald eller har spørsmål kring søknaden, kontakt:

Sigmund Løvåsen, forfattarskulen@samlaget.no

https://samlaget.no/blogs/forfattarskulen/sok-om-plass-pa-forfattarskulen-for-skrivande-med-minoritetserfaring