Aktuelt

Forfatterane og NAV

DAGPENGAR «Kunstnarar som blir permitterte har ikkje den same tryggleiken som arbeidstakarar. Dei må melde seg til NAV som arbeidsledige. Det same gjeld kunstnarar som…

screenshot_2020-03-13_at_12

DAGPENGAR

«Kunstnarar som blir permitterte har ikkje den same tryggleiken som arbeidstakarar. Dei må melde seg til NAV som arbeidsledige. Det same gjeld kunstnarar som livnærer seg som frilansarar,» seier Heidi Marie Kriznik, som meiner at styresmaktene må etablere eit tilsvarande tryggleiksnett for det som finst for arbeidstakarar, for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som uforskuldt mistar store delar av inntekene sine. Kriznik og andre aktørar i bokbransjen diskuterer dette fortløpende.

Sjølv som sjølvstendig næringsdrivande kan du ha rett på dagpengar. Organisasjonen Creo oppsummerer situasjonen med at sjølvstendig næringsdrivande kan ha rett til dagpengar viss dei har hatt tilsettingsforhold dei siste 36 månadane, og viss dei kan dokumentere at selskapet deira ikkje har reell drift. 

Mange sjølvstendig næringsdrivande har nesten berre næringsinntekt. Dette er alt dei faktuerer via selskapet, som oftast er enkeltmannsforetak eller ansvarleg selskap. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til dagpengar basert på den inntekta fordi det ikkje blir betalt arbeidsgjevaravgift på den. Men mange med ENK eller ANS har også lønn. Dette kan vere alt som ein får gjort opp via Forfattersentrum, alt ein tener gjennom Den kulturelle skolesekken, eller dei tilfella der ein tek mulegheitene til å få utbetalt honorar som løn og ikkje via selskapet. Det er løna du har opptent gjennom dei siste 36 månadane som tel. I tillegg er det, i følgje Creo, nokre andre tilhøve som må vere oppfylt: 

  • du har fått redusert arbeidstiden din med minst halvparten (50 prosent)
  • du har redusert arbeidsinntekt
  • du er registrert som arbeidssøker og sender meldekort hver 14. dag
  • du er reell arbeidssøker
  • du er medlem i folketrygden og oppholder deg lovlig i Norge
  • du har hatt en minsteinntekt fra lønnet arbeid på minst 149 787 kroner i de siste 12 avsluttede kalendermånedene (1,5 ganger folketrygdens grunnbeløp (G)), eller minst 299 574 kroner (3 G) i løpet av de 36 siste avsluttede kalendermånedene. (Frå creo.no)

Creo gjer også greie for kva du må ha med i ein søknad om dagpengar. Det er mellom anna: 

kumentasjon som bekrefter følgende:

  • datoen du startet i jobben din
  • stillingsprosent eller avtalt arbeidstid
  • avtalt oppsigelsestid
  • datoen du fikk eller ga oppsigelsen
  • grunnen til at du mistet eller sa opp jobben din
  • hvor mye du har jobbet

 

SJUKEMELDING OG SJUKEPENGAR

Folk som er i karantene på grunn av situasjonen med korona-epidemien har rett på sjukemelding for dette. 

Hovudregelen er at sjølvstendig næringsdrivande får utbetalt sjukepengar frå NAV etter 17. dag, og då 75% av sjukepengegrunnlaget. Dei som har teikna frivillig sjukeforsikring hos NAV kan få utbetalt 75% eller 100% av sjukepengegrunnlaget frå dag éin, eller 100% frå dag 17, avhengig av type forsikring.

 

OMSORGSPENGAR

Erna Solberg uttalte fredag at allet får omsorgspengar for å passe på barn no som barnehagar og skular er stengde. Ordninga med omsorgspengar har i utgangspunktet ikkje vore gjeldande for sjølvstendig næringsdrivande før etter den 10. dagen. Forfattersentrum melder til sine medlemmar at dei vil arbeide for at også sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar får omsorgspengar frå 1. dag. 

Meir informasjon om NAV og korona ligg her.