Aktuelt

Fortsatt vekst i sal av digitale bokprodukt

Her er statistikken: https://forleggerforeningen.no/wp-content/uploads/2020/06/Bransjestatistikk_2019_internet.pdf Bokbransjen er i omstilling. Statistikken viser ein tydeleg vekst i omsetninga frå digitale bokprodukt. Det er særleg omsetning frå strøymetenester og…

kristenn-einarsson-3
  • Her er statistikken: https://forleggerforeningen.no/wp-content/uploads/2020/06/Bransjestatistikk_2019_internet.pdf

Bokbransjen er i omstilling. Statistikken viser ein tydeleg vekst i omsetninga frå digitale bokprodukt. Det er særleg omsetning frå strøymetenester og sal av lydbøker som aukar.

Strøyming viser ein omsetningsvekst på 43 prosent, og talet på lyttingar hadde ein vekst på 41 prosent. Også omsetninga frå sal av e-bøker og digitale læremiddel er i vekst. Tradisjonelle format viser stabil eller fallande etterspurnad.

Samstundes ser vi at den generelle omsetningsnedgangen som starta i 2017 held fram gjennom 2019. Men nedgangen er mindre enn tidlegare. Totalt var det ein nedgang i omsetning på 4 prosent i 2019. Utviklinga i allmennmarknaden, altså skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne og barn, viser ein nedgang på berre 2,1 prosent.

– Vi leser og lytter mer til bøker i dag enn tidligere.  Tallene gir oss ikke grunn til å vente nedgang i etterspørselen etter litteratur. Heller tvert om. Bransjestatistikken viser at ny teknologi, kontinuerlig innovasjon og nye forbruksvaner gir litteraturen nye bruksmuligheter, seier Kristenn Einarsson, administrerande direktør i Forleggarforeininga.

Om bransjestatistikken: Forleggerforeininga publiserer bransjestatistikken sin i starten av juni kvart år. Statistikken baserer seg på innrapporterte tall frå foreiningas medlemsforlag og frå bokklubbar, samt estimat for totalmarknaden og brutto utsalsprisar.