Fosse på langlista til Booker

Booker-prisene kan vere blant dei høgast hengande litteraturprisane etter Nobels litteraturpris. Det finst ein pris for beste bok skrive på engelsk og publisert i Storbrittania…

Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad/Det Norske Samlaget

Booker-prisene kan vere blant dei høgast hengande litteraturprisane etter Nobels litteraturpris. Det finst ein pris for beste bok skrive på engelsk og publisert i Storbrittania eller Irland, og éin for beste bok omsett til engelsk og publisert i Storbrittania eller Irland.

Jon Fosse er nominert med band éin og to av sitt sjubandsverk Septologien. Blant dei andre nominerte finn ein til dømes japanske Yoko Ogawa med romanen Memory police og den franske forfattaren Michel Hollebeque med romanen Serotonin Kortlista blir offentleggjort i april og vinnaren 19. mai.