Det litterære Noreg er større enn Oslo, eit faktum som ofte kjem i skuggen av den geografiske konsentrasjonen av forlag og arrangørar m. fl.
I ei tid med store endringar i feltet er det viktig å ha blikk for korleis verkelegheita til forfattarar og lesarar med bustad utanfor sentrum vert påverka av fenomenet geografisk narsissisme.
I panelet sit forfattar Tor Eystein Øverås, påtroppande leiar for DnF Brynjulf Jung Tjønn og festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival, Teresa Grøtan. Diskusjonen vert leia av forfattar og kritikar Sandra Lillebø.
Arrangør: Den norske Forfatterforening
Torsdag 25. mai kl. 17:00-17:50
KULTURHUSET BANKEN BRANSJESCENEN, Lillehammer