Gjæv islandsk utmerking til Ødegård

Den islandske presidenten Gudni og hans kone Eliza kom til Oslo tysdag. Det er ikkje uvanleg at utmerkingar då blir delt ut, som ein del…

knut

Den islandske presidenten Gudni og hans kone Eliza kom til Oslo tysdag. Det er ikkje uvanleg at utmerkingar då blir delt ut, som ein del av vitjinga. Og dei var fleire nordmenn som om kvelden, under gallamiddag på Slottet, pynta gallaantrekket med Falkeordenar. Men éin var gjævare enn dei fleste. Poet og gjendiktar av Edda, Knut Ødegård, fekk den nest høgaste utmerkinga: Kommandør med stjerne. Ødegård, som er busett i Reykjavik, fekk sin første Falkeorden i 1987. Kong Harald og Dronning Sonja har ordnar av høgste grad, Storkors. 

Ødegård er opphaveleg frå Molde i Romsdal og debuterte med dikt i 1967. Sidan då har han vore ein særs aktiv forfattar og formidlar av andre sin litteratur. Han tok mellom anna iniativ til å grunnlegge Bjørnsonfestivalen i 1992, oppretta Bjørnsonakademiet i 2003. Han var president for sistnemnte fram til 2014. Då Ødegård i fjor fylte 70, heidra Bjørnsonfestivalen han med eit eige program om forfattaren. Forlaget hans gav ut Drankar og galningar/ dikt utval, med Endre Ruset som redaktør.

Dei siste åra har Ødegård brukt brorparten av tida si på ei ny gjendikting av Edda. Det fjerde og siste bandet var nyleg gitt ut. I år kjem difor Ødegård igjen med eigne dikt. 

Den islandske falkeorden blir gitt av presidenten etter innstilling frå eit ordensråd. Ødegård har tidlegare m.a. vore utnemnt til æresdoktor i litteratur ved World Academy of Arts and Cultures i Mexico, og er generalkonsult for Makedonia. Blant andre prisar og utmerkingar som Ødegård har motteke, er Det norske Samlagets utmerking Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond, Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske Fortjenstorden, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Doblougprisen, Le Prix Special og Mihai Eminescu-medalen fra Academie Internationale «Mihai Eminescu», Romania.